9. Dimittering
9.1 Dimittering
Oppdragsgjevararen vil ca. to månader før den vernepliktige ordinært skal dimitterast, få tilsendt varsel om dette. Det blir då høve til å be om nytt mannskap. Dette må skje skriftleg til Siviltenesta.. Eventuelle nye arbeidsoppgåver må Siviltenesta godkjenne.
9.2 Attest
Oppdragsgjevaren skal etter oppfordring frå sivilarbeidar skrive ein attest på kva slags arbeid som er utført, og for tidsrommet det er utført i. Når mannskapet ber om det, skal det skrivast ei kvalitativ vurdering av arbeidet.
9.3 Annonsering
Oppdragsgjevaren skal ikkje kunngjere ledige stillingar for sivile vernepliktige gjennom pressa, ved oppslag, gjennom internett o.l. Det er Siviltenesta si oppgåve å marknadsføre tenesta.