8. Fråbeordring/ omplassering
8.1 Fråbeordring
Dersom oppdragsgjevaren ynskjer eit mannskap fråbeordra, skal mannskapet og Siviltenesta ha skriftleg melding om det og kva for grunnar oppdragsgjevaren vil gjera gjeldande andsynes Siviltenesta.
Eit ynskje om fråbeordring skal fyrst kunne godkjennast etter at vedkomande mannskap har fått høve til å uttale seg skriftleg. Ynskjer han ikkje å uttale seg, skal han gjere dette kjent ved å skrive under på oppdragsgjevaren si grunngjeving.
Oppdragsgjevaren kan ikkje under noko omstende fråbeordra eit mannskap før han har hatt samtalar med Siviltenesta om saka, og det er avtala tid og stad for kor mannskapet skal møte etter fråbeordring.
Siviltenesta kan på eige initiativ fråbeordre eit mannskap.
8.2 Omplassering
Det er ein føresetnad at eit mannskap skal tenestegjere hos same oppdragsgjevar heile tenestetida, jf pkt 1.2. Dersom det ligg føre vektige velferdsgrunnar, kan mannskapet etter søknad bli overført til annan oppdragsgjevar.