7. Permisjonar
7.1 Fritidspermisjon
Mannskapet har, utan å søkje om det, desse permisjonane:
- fritidspermisjon på dei to fridagane i veka,
- i påska frå tenesta sluttar onsdag før skjærtorsdag til tenesta byrjar 3. påskedag,
- i pinsa frå tenesta sluttar pinseaftan til tjenesta byrjar 3. pinsedag,
- i jula frå tenesta sluttar julaftan til tjenesta byrjar 3. juledag,
- ved nyttår frå tenesta sluttar nyttårsaftan til tenesta byrjar 2. januar,
- andre rørlege helgedagar.
Oppdragsgjevaren pliktar å sjå til at mannskapet møter til fastsett tid etter at permisjonen er slutt. Dersom mannskapet ikkje møter til fastsett tid, skal oppdragsgjevaren straks melde frå om dette til Siviltenesta.
7.2 Langpermisjon
Sivilarbeidar opparbeider rett til to arbeidsdagar langpermisjon pr. månad medan dei tenestegjer i Siviltenesta. I denna samanhengen vert laurdag rekna som arbeidsdag, slik at det på årsbasis skal reknast fire laurdagar som arbeidsdagar. Ved full tenestetid på 12 månadar har den vernepliktige totalt 20 langpermisjonsdagar (24 dagar minus 4 laurdagar) til rådvelde.
Oppdragsgjevaren innvilgar/avslår søknader om langpermisjon. Søknadsfristen er normalt 14 dagar, om ikkje upårekna hendingar gjer at dei kan få kortare søknadsfrist.
Ved avslag kan den vernepliktige påklage avgjerda til Siviltenesta. Klagefristen er 14 dagar.
Oppdragsgjevaren pliktar å halde kontroll med kor mange langpermisjonsdagar den einskilde vernepliktige har avvikla. På førespurnad skal opplysningane gjevast til Siviltenesta.
7.3 Andre permisjonar
Mannskapet har også høve til å søkje om andre permisjonar, slik som velferdspermisjon, idrettspermisjon, permisjon for å skjøtte offentlege verv m.m. Søknader om denne typen permisjonar skal sendast Siviltenesta for avgjerd. Oppdragsgjevaren vil bli underretta om slike permisjonar blir godkjende.