6. Sjukefråvær mm
6.1 Eigenmelding
Sjukefråvær som ikkje varar over tre kalenderdagar (inkludert laurdag og sundag) kan godkjennast av oppdragsgjevaren som eigenmelding utan sjukmelding frå lege.
Det er ein føresetnad for bruk av eigenmelding at den tenestepliktige har varsla oppdragsgjevaren så tidleg som mogleg fyrste fråværsdag.
6.2 Hyppige sjukefråvær
Ved hyppige sjukefråvær, dvs når mannskapet i løpet av tenestetida har nytta eigenmelding fire gonger eller når Siviljenesta finn grunn til det, kan alle sjukefråvær vert kravde legitimert med sjukemelding frå lege.
6.3 Sjukefråvær ut over tre kalenderdagar
Sjukefråvær på over tre kalenderdagar, inkl. laurdag og sundag skal alltid dokumenterast med sjukemelding frå lege (eventuelt andre med rett til å sjukemelde).
NB! Ved sjukefråvær skal mannskapa melde frå til oppdragsgjevaren så tidleg som mogeleg fyrste fråværsdagen.
6.4 Skade
Siviltenesta har ansvar for yrkesskadeforsikring. Ved skade som oppstår i samband med arbeid på tenestestaden pliktar oppdragsgjevaren straks å sende skaderapport til Siviltenesta. Bruk gjerne trygdeetaten sitt skjema 1101 A (Melding om yrkesskade).
6.5 Rapport
Oppdragsgjevaren skal utan avbrot sende sjukemeldingar og eigenmeldingar til Siviltenesta. Ved forseinka rapportering (etter den 5. i den påfølgjande månaden) vil det ikkje bli fråtrekk i faktura for desse dagane.