5. Tilsyn med sivile vernepliktige
5.1 Dagleg tilsyn
Oppdragsgjevaren har plikt til å føre dagleg tilsyn med avgjeve mannskap. Oppdragsgjevaren skal sjå til at mannskapet passar arbeidstida, utfører arbeidet på ein tilfredsstillande måte og at tryggleiken til mannskapet er teken vare på.
5.2 Tilsyn ved sjukdom
Oppdragsgjevaren har ansvaret for tilsyn med avgjeve mannskap som er sjuke og som oppheld seg i tilvist bustad under tenesta, og om nødvendig også passe på at han får forpleing.
5.3 Alkohol og rusmiddel
Oppdragsgjevar skal passe på at rusmiddel og alkoholhaldige drikker ikkje blir brukte eller blir oppbevarte på arbeidsplassen eller i tilvist bustad.
5.4 Tilgjenge til tenestestaden
Tenestemenn frå Siviltenesta skal til kvar tid kunne få tilgjenge til dei forskjellige tenestestadene. Oppdragsgjevaren pliktar å gje opplysningar vedrørande arbeidet, bustadforholda og ellers opplysningar som måtte krevjast om avgjeve mannskap.
Dersom ein ønskjer besøk av ein representant frå Siviltenesta, ta kontakt.
5.5 Rapportering
Oppdragsgjevaren pliktar straks å rapportere regelbrot til Siviltenesta. Alle fråvær frå tenesta skal rapporterast, med unntak av langpermisjonar. Rapportane skal vere underskrivne av oppdragsgjevaren.
Rapport om fråver må vera komen til Siviltenesta seinast innan den 5 i påfølgjande månaden, viss ikkje vil det bli fakturert for full månad.