4. Arbeid- og ansvarstilhøve

4.1  Krav til sysselsetjing

Mannskapa må kunne sysselsetjast under tilsyn, sjølv om institusjonen held stengd under ferieavvikling o.l.

4.2  Kontaktperson

Oppdragsgjevaren pliktar å ha ein ansvarleg kontaktperson blant sine tilsette som har ansvaret for vedkomande mannskap og som kjenner reglar og føresegnar for oppdragsgjevarar.

4.3  Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene som mannskapet blir sette til skal vere godkjende av Siviltenesta.
Mannskapet pliktar å rette seg etter dei arbeidsinstruksane som blir gjevne av oppdragsgjevaren i høve til  godkjende arbeidsoppgåver.

4.4 Kvalifikasjonar og opplæring

Mannskapet kan ikkje setjast til arbeid som medfører at dei får sjølvstendig ansvar utover dei faglege kvalifikasjonane dei har. Oppdragsgjevaren er ansvarleg for nødvendig opplæring.

4.5  Teieplikt

Dersom det i medhald av særlover er pålagd ordinære arbeidstakarar teieplikt, vil desse særlovne også gjelde mannskap i den utstrekninga  desse har same oppgåver som dei som er ordinært tilsette.

4.6  Tryggleikskrav og krav til arbeidsmiljø

Oppdragsgjevaren er ansvarleg for at tryggleikskrava og  krava etter arbeidsmiljølova blir overhaldne.

4.6.1  Arbeidsmiljølova
I medhald av arbeidsmiljølova (lov av 4. februar 1977 om arbeidarvern og arbeidsmiljø) § 41 er det fastsett at sivile vernepliktige skal reknast som arbeidstakarar i høve til fylgjande kapittel.: Kapitlal I - VII, kapittel XIII og kapittel XIV med unntak av § 86.

4.6.2  Arbeidsmiljøutvalg og verneombod
I § 14 i forskrift av 29 april 1977 om verneombod og arbeidsmiljøutvalg går det fram at sivile vernepliktige ikkje kan veljast til verneombod eller som medlemmer av arbeidsmiljløutvalg. Dei har heller ikkje stemmerett ved valg av verneombod og arbeidsmiljøutval og skal heller ikkje vere med i teljegrunnlaget når det skal avgjerast om verksemda har så mange arbeidstakarar at arbeidsmiljøutval skal opprettast.
I høve til ovanfor nemnde forskrift § 6 nr 9 skal sivilarbeidar tilkallast når arbeidsmiljøutvalget behandlar saker som særleg gjeld denne gruppa. Dei sivile vernepliktige har tale- og forslagsrett i utvalet, men ikkje stemmerett.

4.7  Tvilstilfeller om arbeids- og ansvarsforhold

Tvilstilfelle om arbeids- og ansvarsforhold skal  sendast Siviltenesta til avgjerd.

Kalender for oppdragsgivere

Siste oppdrag

Finn flere oppdrag

Meld oppdrag