3. Reglar om arbeidstid
3.1 Ordinær arbeidstid
Mannskapet fylgjer arbeidstida på staden der han har oppdrag. Normalt inneber dette ei arbeidsveke på 37,5 timar og to fridagar, som vanlegvis fell på laurdagar og sundagar.
Arbeidstida skal godkjennast av Siviltenesta.
3.2 Arbeid i turnusordning
Mannskap i turnusordning fylgjer den arbeidstida og den arbeidsrytmen som er vanleg for arbeidstakarar med tilsvarande oppgåver i verksemda.
Turnusordninga skal godkjennast av Siviltenesta i kvart enkelt tilfelle.
Eventuell reisetid mellom tilvist innkvarteringsstad (hybel) og tenestestad vert rekna som arbeidstid dersom reisetida overstig ein time pr dag. Arbeidstida skal i så fall reduserast med den tida som overstig dette.
Matpausar vert rekna som arbeidstid dersom mannskapet ikkje fritt kan forlate arbeidsstaden i pausen.
3.3 Berekning av arbeidstid jf.arbeidsmiljølova § 51,3 ledd
Eventuell reisetid mellom tilvist bustad og tenestestad blir rekna som arbeidstid dersom reisetida overstig ein time pr. dag. Arbeidstida skal i tilfelle reduserast med den tida som overstig dette. Matpausar vert rekna som arbeidstid dersom mannskapet ikkje fritt kan gå frå arbeidsstaden i pausen jf.Arbeidsmiljølova § 51, 3 ledd.
3.4 Overtid
Pålagt overtid/frivillig overtid blir godtgjort med fritid time for time. Det er berre oppdragsgjevaren som har lov til å påleggje mannskapet overtidsarbeid når det skjer ein plutseleg og uventa auke i arbeidsmengda, og det i tillegg er viktig å få gjort arbeidet på kort tid. Eit stort arbeidspress eller ein generelt vanskeleg arbeidssituasjon er ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å påleggje overtidsarbeid.
Dersom mannskapet blir pålagd ein eller fleire timar overtid på ein av dei vanlege fridagane, har han rett til ein heil dags kompensasjon. Det er overlate til oppdragsgjevaren å sørgje for at dei resterande timane eventuelt blir lagde til i perioden, slik at det vanlege timetalet blir oppnådd.
Dersom mannskapet må arbeide på rørlege helgedagar og høgtidsdagar, har han rett til kompensasjon time for time i form av fritid på vanleg kvardag.
3.5 Avvikling av opparbeidd fritid
Opparbeidd fritid skal avviklast så snart som mogeleg etter at arbeidet er pålagt. Kompensasjon kan ikkje utgjere meir enn fem dagar samanhengande fritid og skal avviklast før ny fritid kan opparbeidast.
Det er overlate til oppdragsgjevaren å sørgje for at slik kompensasjon blir avvikla.