2. Økonomiske plikter

2.1  Betalingssats

For avgjeving av mannskap skal oppdragsgjevaren betala ei godtgjering fastsett av Justisdepartementet, sju dagar i veka.  Det skal ikkje betalast for permisjonsdagar godkjende av Siviltenesta, sjukedagar og dagar mannskapet er borte frå tenestestaden. Faktura blir send etter utgangen av kvar månad, jf   pkt 5.5

2.2.  Innkvartering

Oppdragsgjevaren skal stille til rådvelde tilfredsstillande innkvartering (hybel) til avgjeve mannskap gjennom heile tenestetida.
Innkvarteringsstaden skal kunne godkjennast av helserådet på staden, branntilsynet og Siviltenesta. Mannskap som får utbetalt kostpengar skal ha høve til  koking og oppbevaring av mat (kjøleskåp). I tillegg skal det i husværet vere kokekar, dekkjetøy og nødvendig utstyr for reinhald av kjøkkenreiskap og husvære. Mannskapet skal ha tilgjenge til varmt og kaldt vatn i rimelig nærleik av husværet og det skal vere tilgjenge til bad/dusj.
Mannskapet sin heim eller hybel kan ikkje sjåast på som innkvartering ved at oppdragsgjevaren betalar heil eller delvis husleige til mannskapet. Blir det leigd hybel for innkvartering, skal oppdragsgjevareren stå som leigetakar og vere ansvarleg for alle utgiftene til denne bustaden.
I dei tilfella der mannskapet vel å bu i eigen heim eller på eigen hybel, må de sjølv betale for dette.

2.3  Reiseutlegg

Eventuelle reiseutlegg frå innkvarteringsstaden til arbeidsstaden skal betalast av oppdragsgjevaren. Dersom mannskapet vel å bu i eigen heim eller på eigen hybel, må han sjølv dekkje reiseutgiftene

2.3.1  Tenestereiser
Dersom mannskap blir beordra på tenestereise av oppdragsgjevaren, skal reiseutgiftene dekkjast etter enkelte av dei satsane som kjem fram ; "Regulativ for reise innanlands for statens regning" etter frådrag av moglege rabattar, sjå pkt 2.3.3
Når det skal betalast kostgodtgjering frå oppdragsgjevaren, skal det gjerast frådrag for dei kostpengane mannskapa mottek frå Siviltenesta. Den vernepliktige skal ikkje påleggjast å nytte eige kjøretøy

2.3.2  Reiseavstand
Ved institusjonar som ligg over tre kilometer frå offentleg framkomstmiddel, skal oppdragsgjevaren sørgje for transport av avgjeve mannskap til og frå næraste haldeplass/stasjon ved tenestereiser, når permisjon er godkjend av Siviltenesta, ved lege- og tannlegebesøk og ved deltaking på allmannamøte og velferdskveldar.

2.3.3  Rabattar
Tjenestepliktige har moderasjon på ulike typar av offentleg transport.

2.4  Forpleiing

Oppdragsgjevarar som har forpleiing av  avgjeve mannskap,  får eit frådrag som for tida er kr 14,- pr. dag. Mannskap skal ha høve til å lage matpakke som kan bringast  med til tilvist husvære dersom ein ikkje kan ete alle måltid på tenestestaden. Dette gjeld også dersom institusjonen held stengd pga. ferie o.l

2.5  Arbeidsklede

Frå Siviltenesta får mannskapa utbetalt godtgjering for sjølve å halde seg med arbeidsklede i tenesta. Dette omfattar eigna klede for bruk i tenesta, både for inne- og utebruk, jamvel også regntøy og skotøy. Godtgjering omfattar også vask av klede.
Dersom mannskapa blir sett til arbeid der det er behov for spesialklede eller utstyr, skal oppdragsgjevaren låne ut dette (t.d. varmedress). Det same gjeld dersom det er stor fare for tilgrising/øydelegging av klede som nemnde ovanfor. Når det gjeld verneutstyr og spesialutstyr, viser vi til føresegnene i arbeidsmiljølova.

2.6  Særavtalar

Det er ikkje mogeleg å inngå særavtalar mellom oppdragsgjevarar og mannskap. Det blir presisert at mannskapet ikkje kan få dekt utgifter frå oppdragsjevaren bortsett frå reiseutlegg og kostgodtgjering i samband med tenestereise

2.7 Lønt arbeid hos oppdragsgjevaren

Etter søknad kan den vernepliktige få løn for arbeid i fritida hos oppdragsgjevaren sin. Godkjenninga blir gjeven under føresetnad om  at det lønte arbeidet er klart skilt frå det arbeidet mannskapet utfører i den ordinære tenesta si som sivil vernepliktig, slik at det ikkje er nokon fare for samanblanding. Arbeidet må ikkje gå ut den ordinære tenesta til mannskapet.

Kalender for oppdragsgivere

Siste oppdrag

Finn flere oppdrag

Meld oppdrag