11. Utanlandsreiser
11.1 Generelt
Det kan etter søknad frå oppdragsgjevar godkjennast utanlandsopphald for sivile vernepliktige.
Det ligg føre eit særskilt regelverk for utanlandsteneste som ein kan få ved førespunad.
11.2 Kortare utanlandsteneste
Det kan etter søknad frå oppdragsgjevaren godkjennast kortare utanlandsopphaldt, der opphaldet må sjåast på som ein naturleg del av mannskapets vanlege teneste.
11.3 Lengre utanlandsteneste
Oppdragsgjevarar som ynskjer å nytte mannskap til teneste i utlandet i lengre tid, må søkje Siviltenesta spesielt om dette. Etter ein slik søknad vil utfyllande informasjon bli gjeven av Siviltenesta då det ligg føre eit særskilt regelverk for utanlandsteneste inntil 12 månader.