1. Oppdragsgjevarar
1.1 Generelle krav
Sivile vernepliktige blir avgjevne til oppdragsgjevarar på dei vilkåra som er gjevne i desse føresegnene og berre til dei arbeidsoppgåvene som er godkjende i kvart enkelt tilfelle. Blir nokon av desse føresegnene brotne vil dette kunne føre til at samtykke til avgjeving blir trekt attende og at avgjevne mannskap blir fråbeordra
1.2 Tenesteutplassering
Siviltenesta avgjer kor den enkelte vernepliktige skal tenesteplasserast. Dette inneber at oppdragsgjevarar ikkje har krav på å få avgjeve ein bestemt vernepliktig, og at sivilarbeidaren ikkje har krav på å få avtene tenesta si på ein bestemt stad.
Siviltenesta si avgjerd om tenesteplassering kan ikkje påklagast til departementet.
Det er ein føresetnad for tenesteplassering at mannskapet skal tenestegjere hos same oppdragsgjevar heile tenestetida. Berre ved vektige velferdsgrunnar kan eit mannskap overførast til annan oppdragsgjevar, jf kapittel 8
1.3 Hovudsektorar
Det er tre hovudsektorar der vernepliktige kan tenestegjere:
1.3.1 Helse- og sosialsektoren
Alle typar helse- og sosialinstitusjonar
1.3.2 Natur- og miljøsektoren
Naturvernorganisasjonar, miljøvernetatar med meir
1.3.3 Fredssektoren
Valds- og konfliktførebyggjande tiltak, skuler, barnehagar, fredsorganisasjonar og humanitære organisasjonar, teneste av kulturell karakter og teneste i Sivilforsvaret
1.4 Fylgjande avgrensingar gjeld for oppdragsgjevarar:
1.4.1 Kommersiell verksemd
Det blir ikkje avgjeve vernepliktige til oppdragsgjevarar som driv kommersiell verksemd. Dette gjeld utan omsyn til om arbeidsoppgåvene kjem inn under ein av hovudsektorane
1.4.2 Mannskapet si ordinære stilling m.m.
Eit mannskap kan ikkje tidlegare ha vore tilsett ved eller hatt lønt/ulønt arbeid på staden der han blir utplassert.
Føresegna skal bidra til at tenesta vert opplevd som eit avbrot frå tidlegare arbeid. I tillegg skal ho bidra til at forholdet mellom oppdragsgjevaren og mannskapet ikkje inneheld bindingar som kan bringe fram tvil om tenesta vert utført i samsvar med gjeldande regelverk.
1.4.3 Slektningar i overordna stillingar
Det er ikkje høve til å gjere teneste der nære slektningar har ei overordna stilling i forhold til mannskapet.
1.4.4 Kontroversielle oppdrag
Det kan ikkje utplasserast mannskap til oppdragsgjevarar som har kontroversielle målsetjingar, eller som nyttar arbeidsmetodar som er kontroversielle.
Dette inneber t.d. at mannskap ikkje kan utplasserast til organisasjonar som har som mål å svekkje det norske forsvaret.
1.4.5 Religiøse og politiske føremål
Organisasjonar som arbeider for å fremje bestemte livssyn, får ikkje avgjeve mannskap dersom mannskapa skal delta i den generelle verksemda til organisasjonen. Det kan avgjevast mannskap til livssynsorganisasjonar dersom arbeidsoppgåvene i hovudsak er retta mot reint humanitære eller sosiale prosjekt i organisasjonen. Arbeidet må vere utan tilknytning til forkynning eller utbreiing av livssyn.
Det kan ikkje avgjevast til arbeidsoppdrag som har tilknyting til bestemte politiske retningar
1.4.6 Fortrenging av arbeidskraft
Mannskap kan ikkje utplasserast i oppdrag der dei fortrengjer ordinær arbeidskraft
1.4.7 Utleige av mannskap
Det er ikkje lov til å leige ut mannskap eller å nytte desse i direkte inntektsbringande oppgåver (innsamlingar, sal m.m.)
1.4.8 Innanlands teneste
Verneplikta skal som hovudregel avtenast innanlands. Sjå likevel kapittel 11