3. Føresegner om tenesta

A. Tenesteplikt

Lovverket set opp følgjande krav for å kunne påleggje sivil verneplikt:

- mannskapet må vere tenestedyktig

- tenesteplikta må ikkje ha falle bort av andre årsaker

1. Tenestedugleik

Mannskapet må stette visse grunnkrav for å kunne gjennomføre sivil verneplikt. Er desse krava oppfylte, er mannskapet tenestedyktig.

Tenestedugleik kan verte vurdert før tenesta tar til (basert på uttale frå sivil lege med meir), ved legeundersøkinga ved frammøte til tenesta, og eventuelt seinare, dersom mannskapet sin helseprofil har endra seg.

2. Tenestebortfall av andre årsaker

Dersom mannskapet ikkje sjølv har vore årsak til utsetjing med eller avbrot i tenesta, fell plikta til å gjere teneste i utgangspunktet bort dersom avteninga ikkje er påbyrja innan tre år etter at mannskapet vart friteke for militærteneste, sjå militærnektarloven § 12.

Plikta til å gjere teneste fell likevel ikkje i noko høve bort før mannskapet har nådd ein viss alder. Dette inneber at plikta tidlegast fell bort når tenesta ikkje er påbyrja innan utgangen av det året mannskapet fyller 28 år, sjå militærnektarloven § 12 og vernepliktsloven § 12 (lov av 17. juli 1953 nr. 29). Dersom mannskapet sjølv har vore årsak til forseinkinga (t.d. gjennom søknad om utsetjing), fell tenesteplikta bort ved utgangen av det året mannskapet fyller 33 år.

Har mannskapet påbyrja tenesta, er han tenestepliktig fram til utløpet av det året han fyller 44 år.

B. Lengda på tenestetida

Tenestetida er ordinært 12 månader.

Det vert gjeve frådrag for avtent militærteneste.

For mannskap som vert overførde frå Heimevernet, er tenestetida like lang som attståande ordinær heimevernsteneste.

Reglar om lengda på tenestetida går fram av militærnektarloven § 11.
Reglane er inntekne i kapittel 10 vedlegg 4. Nedanfor vert hovudinnhaldet i føresegnene gjennomgått.

1. Lengda på førstegongstenesta

Førstegongstenesta som sivil vernepliktig tilsvarar førstegongstenesta i Hæren – for tida 12 månader.

Har eit mannskap avtent militærteneste, får han frådrag i siviltenesta for desse dagane. For mannskap som vert overført frå Heimevernet, er tenesta like lang som attståande ordinær heimevernsteneste.

2. Teneste etter avslutta førstegongsteneste

Sjå Kap. 8 bokst. C.

C. Utsetjing/avbrot i tenesta

Det kan gjevast utsetjing med eller avbrot i tenesta når det ligg føre vektige offentlege interesser eller vektige private velferdsgrunnar.

Søknad om utsetjing må setjast fram innan ein månad etter at mannskapet mottok innkallingsbrevet. Dersom denne fristen ikkje vert overhalden, vil søknaden normalt bli avvist.

Sjølv om mannskapet har søkt om utsetjing med tenesta, pliktar han, dersom ikkje anna melding kjem frå administrasjonen, å møte til fastsett frammøtetid.

Reglane på dette området går fram av forskrift av 3. november 2000 om utsetjing med eller avbrot i sivil førstegongsteneste. Forskrifta er i sin heilskap teken inn i kap.10 vedlegg 12. Nedanfor vert hovudinnhaldet i forskrifta gjennomgått.

1. Vilkår for innvilging av utsetjing/avbrot

Det kan gjevast utsetjing med eller avbrot i tenesta for inntil eitt år av gangen når vektige offentlege interesser krev det og mannskapet er villig til slik utsetjing.

Det kan også gjevast utsetjing eller avbrot når det ligg føre vektige private velferdsgrunnar. Slike grunnar kan t.d. vere familieforhold (sjukdom og liknande) som gjer fråvær frå heimen særleg vanskeleg, økonomiske forhold som gjer det naudsynt at mannskapet er til stades med meir.

2. Frist for å søkje om utsetjing

Fristen for å søkje om utsetjing med tenesta er ein månad frå mannskapet mottok innkallingsbrevet. Dersom mannskapet har fått innvilga utsetjing, men ønskjer ytterlegare utsetjing, skal slik søknad vere send innan tre månader før frammøtedato.

Dersom desse fristane ikkje vert overhaldne, vil søknaden normalt bli avvist.

3. Krav til dokumentasjon

Søknad om utsetjing/avbrot skal vere grunngjeven og attestert.

4. Høve til klage

Blir ein søknad om utsetjing/avbrot avvist eller avslegen, kan mannskapet innan tre veker påklage vedtaket til departementet. Klagen skal sendast til Siviltenesta.

5. Tenestlege verknader av å setje fram søknad om utsetjing

Sjølv om mannskapet har søkt om utsetjing med tenesta, pliktar han, dersom ikkje anna melding kjem frå Siviltenesta, å møte til teneste til fastsett frammøtetid. Dersom han ikkje møter til teneste, vil dette kunne medføre refs etter disiplinærreglementet eller melding til politiet, sjå kap. 9 bokst. A.

Det vert understreka at det ikkje må reknast med utsetjing/avbrot i tenesta. Mannskapet pliktar derfor å leggje forholda til rette for tenestegjering i samsvar med fastsett tenestetid.

D. Frammøte til teneste

Mannskap som ikkje har reisepengar til frammøtestaden, kan få skrive ut reiserekvisisjon hos politiet.

Mannskapet må ha med klede, toalettsaker, vernepliktsbok med meir ved frammøte til tenesta.

Rusmiddel er forbode i leiren.

1. Reiserekvisisjon

Mannskap som ikkje sjølv kan leggje ut reisepengar til frammøtestaden, og som kan vise fram innkallingsbrev, kan få skrive ut reiserekvisisjon hos politiet eller lensmannskontoret på staden.

2. Dokument og effektar ein må ha med

Ved frammøte til tenesta skal mannskapet ha med denne handboka, vernepliktsboka, innkallingsbrevet, eventuelle legeattestar som kan ha tyding for vurdering av tenestedugleik og dokumentasjon for eventuelle forsørgjar- og butillegg.

I tillegg må mannskapet ha med klede og skotøy for tenestebruk, også for utandørs teneste. Toalettsaker må ein også ha med. Det blir gjeve ein eigen kompensasjon for utgifter til klede, sjå kap. 4 bokst. A pkt. 1 om klesgodtgjering.

3. Husdyr/kjæledyr/skytevåpen

Det er ikkje tillate å ha husdyr eller kjæledyr i mannskapsforlegningane.

Det er ikkje tillate å oppbevare skytevåpen i forlegningane.

4. Rusmiddel

Det er straffbart å møte påverka av alkohol eller andre rusmiddel, og det er forbode å ta med alkoholhaldige drikkevarer og rusmiddel ved frammøte.

For tenesta elles gjeld at det er forbode å nyte og å oppbevare rusmiddel på forlegningen og på tenestestaden. Det er forbode å opptre synleg rusa innanfor tenestestaden og på offentleg stad.

5. Rutinar ved frammøte til tenesta

Etter dei nødvendige registreringane, legeundersøkingane og orienteringane, blir mannskapa utplasserte til dei ulike tenestestadene.

Tidsplanen for det som skjer ved frammøte, vil gå fram av oppslag i mannskapsforlegningen.

6. ID-kort

Ved frammøte til teneste vert det utskrive ID-kort.
ID-kortet gjeld som moderasjonsbevis ved reiser, som trygdebevis overfor trygdekontor, lege og liknande og som identifikasjonsbevis.

E. Direktiv for tenesteoppdrag/føresegner om arbeidet

Siviltenesta avgjer tenesteplasseringa av mannskapa.

Kvalifikasjonar som mannskapa har tileigna seg i det sivile liv, bør ein freiste å nytte ut under tenesta. Dette inneber t.d. at helsepersonell vert utplasserte til teneste i helsesektoren osv.

Tenesta vert avtent innan ein av følgjande hovudsektorar:

- helse- og sosialsektoren

- natur- og miljøvernsektoren

- fredssektoren

Tenesta skal normalt avtenast innanlands. For enkelte oppdrag er det opna for at delar av tenesta kan avtenast utanlands, sjå kap. 3 bokst. F.

I dette avsnittet gjennomgår vi dei generelle krava til tenesteoppdrag og dei ulike tenestesektorane. Det vert vidare gjeve ei framstilling av føresegnene for arbeidet og under dette dei pliktene som oppdragsgjevaren har, arbeidstidsreglar og forholdet til arbeidsmiljøloven (lov av 4. februar 1977).

1. Generelle krav til tenesteoppdraget

1.Tenesteoppdraget må kome inn under ein av hovudsektorane

Mannskapa vert sette til teneste innan følgjande hovudkategoriar av oppdrag:

- helse- og sosialsektoren

- natur- og miljøvernsektoren

- fredssektoren

I tillegg kan mannskapa verte sette til teneste på administrasjonssenteret på Dillingøy og i justissektoren etter nærmare reglar frå Justisdepartementet.

Justisdepartementet kan dispensere frå reglane om tenesteoppdrag, sjå pkt. 3.

Det er gjort nærmare greie for dei enkelte hovudsektorane under pkt. 2. Under kvar sektor vert det gjeve døme på arbeidsoppdrag som fell inn under sektoren. Døma er meinte som illustrasjonar og inneber inga uttømmande opplisting av dei arbeidsoppdraga som vil kunne verte godkjende.

1.2 Oppdragsgjevar må ikkje drive kommersiell verksemd

Det vert ikkje avgjeve mannskap til oppdragsgjevarar som vert rekna for å drive kommersiell verksemd. Dette gjeld utan omsyn til om arbeidsoppgåvene kjem inn under ein av hovudsektorane.

1.3 Mannskapet kan ikkje utføre tenesta i si ordinære stilling m.m.

Eit mannskap kan ikkje tidlegare ha vore tilsett ved eller hatt betalt arbeid på den staden der han blir utplassert.

Det er ikkje høve til å gjere teneste der kor nære slektningar vil få ei overordna stilling i forhold til mannskapet.

1.4 Mannskapet må ikkje fortrengje ordinær arbeidskraft

Mannskapa skal ikkje utplasserast i oppdrag der dei fortrengjer ordinær arbeidskraft.

1.5 Tenesta må som hovudregel avtenast innanlands

Tenesta skal som hovudregel avtenast innanlands. Det kan etter søknad gjerast unntak for kortare utanlandsopphald, der opphaldet må sjåast på som ein naturlig del av mannskapet si vanlege teneste.

I tillegg kan det utplasserast mannskap til bistandsarbeid og internasjonalt solidaritetsarbeid i utlandet for humanitære organisasjonar og institusjonar som driv humanitært og sosialt arbeid. Det er ein føresetnad for godkjenning at organisasjonen eller institusjonen er etablert i Noreg. Nærmare detaljar om utanlandsteneste går fram av kap. 3 bokst. F.

1.6 Mannskapet kan setjast til kontorarbeid og bodteneste i den grad dette er i samsvar med formålet med utplasseringa

I den grad det er i samsvar med formålet med utplasseringa, kan det avgjevast mannskap til kontorarbeid og liknande. I praksis er det f. eks avgjeve mannskap til kontorarbeid i organisasjonar som driv humanitært/sosialt arbeid.

1.7 Mannskapet kan ikkje utplasserast  hos oppdragsgjevar som har kontroversielle målsetjingar/arbeidsmetodar

Det kan ikkje utplasserast mannskap hos oppdragsgjevarar som har kontroversielle målsetjingar, eller som nyttar arbeidsmetodar som er rekna som kontroversielle.

Dette inneber  t.d. at det ikkje vert utplassert mannskap hos organisasjonar som har som målsetjing å svekkje det norske forsvaret.

1.8 Mannskapet kan ikkje utplasserast til oppdrag som inneber direkte eller indirekte formidling av dei religiøse eller politiske formåla til ein organisasjon.

Organisasjonar som arbeider for å fremje bestemte livssyn, får ikkje avgjeve mannskap dersom meininga er at mannskapa skal delta i den generelle verksemda til organisasjonen. Det kan avgjevast mannskap til livssynsorganisasjonar dersom mannskapet er tiltenkt arbeidsoppgåver som i hovudsak vert omfatta av reint humanitære eller sosiale prosjekt i organisasjonen. Arbeidsoppgåvene må vere utan tilknyting til forkynning eller utbreiing av livssyn.

Det kan ikkje avgjevast mannskap til arbeidsoppdrag som har tilknyting til bestemte politiske parti eller rørsler.

2. Dei tre hovudsektorane

2.1 Helse- og sosialsektoren

Innanfor helse- og sosialsektoren kan det avgjevast mannskap til sjukehus, sjukeheimar  med meir.

2.2 Natur- og miljøvernsektoren

Det kan utplasserast mannskap til teneste i naturvernorganisasjonar, miljøvernetatar med meir.

2.3 Fredssektoren

Ein viktig del av det innanlandske fredsarbeidet vil vere valds- og konfliktsførebyggjande tiltak retta mot barn og unge.

Oppdrag av kulturell karakter høyrer også inn under fredssektoren, t.d. arbeid ved museum, bibliotek og liknande.

Vidare vil teneste i fredsorganisasjonar (t.d. Nobelinstituttet), humanitære organisasjonar og teneste i Sivilforsvaret kome inn under denne sektoren.

Innan fredssektoren kan det avgjevast mannskap til forskings– og vitskapsrelaterte oppdrag. Dette vil først og fremst gjelde fredsforsking eller forsking om førebygging av vald. Forsking som gjeld bistandsarbeid, kan også godkjennast som del av denne sektoren. Det kan ikkje godkjennast forskings- eller vitskapsrelaterte oppdrag innanfor dei andre tenestesektorane.

3. Høve til å dispensere

Justisdepartementet kan dispensere frå reglane om tenesteoppdrag. Departementet kan jamvel gi Siviltenesta høve til å prøve ut alternative tenesteområde og andre former for tenesteplassering enn ovannemnde retningslinjer gir rom for.

4. Den konkrete tenesteplasseringa

Ut frå lister over ledige tenesteoppdrag vil mannskapa kunne fremje ønske om tenesteplassering. Siviltenesta avgjer likevel med bindande verknad kvar det enkelte mannskapet skal tenesteplasserast. Dette inneber at oppdragsgjevaren ikkje har krav på å få avgjeve eit bestemt mannskap, og at mannskapet ikkje har krav på å få avtene tenesta si på ein bestemt stad.

Siviltenesta si avgjerd om tenesteplassering kan ikkje påklagast til departementet.

Før utplassering finn stad, skal mannskapet skriftleg gjerast kjent med dei arbeidsoppgåvene som er godkjende ved avgjevinga av sivil vernepliktig til vedkomande oppdragsgjevar.

Det er ein føresetnad for tenesteplassering at mannskapet skal tenestegjere hos same oppdragsgjevar heile tenestetida. Dersom det ligg føre vektige velferdsgrunnar, kan eit mannskap etter søknad bli overført til annan oppdragsgjevar. Grunngjeven søknad om overføring til annan oppdragsgjevar skal sendast til Siviltenesta.

5. Reglar for arbeidet

5.1 Plikter som ligg på oppdragsgjevar

Gjennom brosjyren ”Reglar og føresegner for oppdragsgjevarar” blir oppdragsgjevaren gjort kjend med dei pliktene som han har som oppdragsgjevar.

Vert nokon av desse føresegnene brotne, vil dette kunne føre til at samtykke til avgjeving vert trekt attende, og at avgjevne mannskap vert fråbeordra frå tenestestaden.

Nedanfor gjennomgår vi somme av hovudreglane i brosjyren.

5.1.1 Innkvartering

Sivile vernepliktige skal som hovudregel ikkje avgjevast til oppdrag utan at oppdragsgjevar stiller møblert innkvarteringsstad (hybel) til rådvelde for mannskapet.

Innkvarteringsstaden skal kunne godkjennast av helserådet og branntilsynet på staden og av  siviltenesteadministrasjonen. Mannskap som får utbetalt kostpengar, skal ha høve til koking og oppbevaring av mat (kjøleskap). I tillegg skal det vere kokekar, dekkjetøy og nødvendig utstyr for reinhald av kjøkenreiskapar og husværet. Mannskapet skal ha tilgjenge til varmt og kaldt vatn i rimeleg nærleik, og det skal vere tilgjenge til bad/dusj.

Mannskapet sin heim eller hybel kan ikkje reknast som innkvartering ved at oppdragsgjevar betaler heil eller delvis husleige til mannskapet. Blir det leigd hybel for innkvartering, skal oppdragsgjevaren stå som leigetakar og vere ansvarleg for utgiftene i den samanhengen.

Mannskapet har ikkje høve til å ha familiemedlemmer eller andre buande i tilvist bustad under tenesta.

Når mannskapet ikkje kan skaffast innkvarteringsstad av administrasjonen, og i tilfelle der det ligg føre sosialmedisinske eller andre tungtvegande velferdsgrunnar, t.d. langvarig sjukdom i heimen som gjer dagleg tilsyn nødvendig, kan mannskapet etter søknad gjevast heimebuarstatus. Søknad om heimebuarstatus, vedlagd eventuell legeerklæring, skal sendast Siviltenesta. For økonomiske verknader av heimebuarstatus, sjå kap. 4 bokst. A pkt. 2 ”Erstatning for innkvarteringssted” og kap. 4 bokst. B pkt. 12.5 ”Reisestønad for mannskap med hjemmeboerstatus under tjenesten”.

5.1.2 Transport av mannskap/reiseutgifter

Eventuelle reiseutgifter frå tilvist innkvarteringsstad (tenestehybel) til arbeidsstad skal dekkjast av oppdragsgjevaren.

Ved beordra tenestereiser for oppdragsgjevar skal oppdragsgjevaren dekkje mannskapet sine reiseutgifter med meir etter enkelte av reglane i “Særavtale for reiser innenlands for statens regning”, sjå kap. 4, bokst. B pkt. 12.4.

Ved institusjonar som ligg over tre kilometer frå offentleg skyssmiddel, skal oppdragsgjevar sørgje for transport til avgjevne mannskap til og frå nærmaste haldeplass/stasjon ved tenestereiser, når permisjon er innvilga, (gjeld ikkje for fritidspermisjonar), ved lege- og tannlegebesøk og ved deltaking på allmøte og velferdskveldar. Mannskapa vil ikkje få dekt utgifter til drosje ved slike reiser.

5.1.3 Arbeidsklede

Frå Siviltenesta får mannskapet utbetalt godtgjering for sjølv å halde seg med arbeidsklede i tenesta (klesgodtgjering, sjå kap. 4, bokst. A pkt. 1). Dette omfattar eigna klede for bruk i tenesta, både for inne- og utebruk.

Dersom mannskapet vert sett til arbeid der det er behov for spesialklede eller spesialutstyr, skal oppdragsgjevaren låne ut dette (t.d. varmedress). Det same gjeld dersom det er stor fare for tilgrising/øydelegging av klede som nemnde ovanfor.

5.1.4 Ansvarsforhold med meir

Mannskapet kan ikkje setjast til arbeid som medfører at han får sjølvstendig ansvar ut over dei faglege kvalifikasjonane han har. Oppdragsgjevar er ansvarleg for nødvendig opplæring.

Oppdragsgjevar pliktar å ha ein ansvarleg person (kontaktperson) blant sine tilsette som er direkte overordna vedkomande mannskap, og som kjenner reglar og føresegner for oppdragsgjevarar.

Det er ikkje tillate med utleige av sivile vernepliktige.

5.1.5 Tilsyn – rapportering - fråbeordring

Oppdragsgjevar pliktar å føre dagleg tilsyn med avgjeve mannskap. Han skal sjå til at mannskapa passar arbeidstida og utfører arbeidet på ein tilfredsstillande måte, og at mannskapa sin tryggleik er teken vare på.

Oppdragsgjevar pliktar å sørgje for tilsyn med avgjevne mannskap som er sjuke, og som oppheld seg i tilvist bustad under tenesta, og om nødvendig også sørgje for forpleiing.

Oppdragsgjevar pliktar straks å rapportere brot på reglane til Siviltenesta. Oppdragsgjevar skal jamvel rapportere til Siviltenesta alle fråvær frå tenesta med unntak for permisjonar. Rapportane skal vere underskrivne av oppdragsgjevaren.

Dersom oppdragsgjevaren ønskjer eit mannskap fråbeordra, skal mannskapet og Siviltenesta skriftleg få melding om dette og dei grunnane oppdragsgjevaren vil gjere gjeldande overfor Siviltenesta.

Et ønske om fråbeordring kan først etterkomast etter at vedkomande mannskap har fått høve til å uttale seg. Ønskjer mannskapet ikkje å uttale seg, skal han vise dette ved å skrive  på oppdragsgjevaren si grunngjeving.

Oppdragsgjevaren kan ikkje under noko omstende fråbeordre eit mannskap før det er konferert med Siviltenesta om saka og det er avtalt tid og stad for kor mannskapet skal møte etter fråbeordring.

5.1.6 Utskriving av attest ved avslutta teneste

Sjå kap. 8 bokst. A pkt. 4.

5.2 Særlege reglar

5.2.1 Arbeidsinstruksar

Mannskapa pliktar å rette seg etter dei arbeidsinstruksane som blir gjevne av oppdragsgjevaren i høve til godkjende arbeidsoppgåver.

5.2.2 Teieplikt

Dersom dei vanlege arbeidstakarane er pålagde teieplikt i medhald av særlovar, vil desse særlovane også gjelde for mannskapa i den utstrekninga mannskapa har same oppgåver som dei vanlege tilsette.

5.2.3 Særavtaler mellom oppdragsgjevar og mannskapet

Det er ikkje høve til å inngå særavtaler mellom oppdragsgjevar og mannskapet. Vi presiserer at mannskapet ikkje i noko tilfelle kan ta imot betaling frå oppdragsgjevaren, bortsett frå dekning av reiseutgifter og kostgodtgjering i samband med beordra tenestereiser.

5.2.4 Lønt arbeid hos oppdragsgjevaren

Etter søknad kan Siviltenesta tillate at ein sivil vernepliktig mottar løn for arbeid i fritida hos oppdragsgjevaren sin.

Det er ein føresetnad for slikt  løyve at det lønte arbeidet er klart skilt frå det arbeidet som mannskapet utfører i den ordinære tenesta si som sivil vernepliktig, slik at det ikkje er nokon reell fare for samanblanding. Arbeidet må ikkje gå ut over den ordinære tenesta til mannskapet.

5.3 Reglar om arbeidstid

5.3.1 Ordinær arbeidstid

Mannskapet følgjer arbeidstida og arbeidsrytmen på den staden han er avgjeven til. Dette vil normalt innebere ei arbeidsveke på 37,5 timar og to fridagar, som normalt fell på laurdag og søndag.

Arbeidstida skal godkjennast av Siviltenesta for kvar enkelt utplassering.

Er det avgjeve meir enn eitt mannskap hos ein oppdragsgjevar, skal arbeidstida kvar veke i størst mogleg grad gjerast lik for alle mannskapa.

5.3.2 Arbeid i turnusordning

Mannskap i turnusordning følgjer den arbeidstida og den arbeidsrytmen som er vanleg for arbeidstakarar med tilsvarande oppgåver i verksemda.

Turnusordninga skal godkjennast av Siviltenesta i kvart enkelt tilfelle.

5.3.3 Berekning av arbeidstid – reisetid og matpause

Eventuell reisetid mellom tilvist innkvarteringsstad (hybel) og tenestestad vert rekna som arbeidstid dersom reisetida overstig ein time pr. dag. Arbeidstida skal i så fall reduserast med den tida som overstig dette.

Matpausar vert rekna som arbeidstid dersom mannskapet ikkje fritt kan forlate arbeidsstaden i pausen. Mannskapet skal her likestillast med arbeidstakarar med same eller tilsvarande oppgåver i verksemda. Dette inneber at mannskapa på dette området skal likestillast med vanlege arbeidstakarar, sjå arbeidsmiljøloven §51 tredje ledd (lov av 4. februar 1977 om arbeidervern og arbeidsmiljø).

5.3.4 Arbeid ut over ordinær arbeidstid (overtid)

Mannskapa kan påleggjast overtid i heilt nødvendige tilfelle, og dette skal kompenserast med fritid time for time. Det er berre høve for oppdragsgjevarar til å påleggje mannskapa overtidsarbeid når det skjer ein plutseleg og uventa auke i arbeidsmengda og det i tillegg er viktig å få gjort arbeidet på kort tid. Eit stort arbeidspress eller ein vanskeleg arbeidssituasjon i det store og heile er ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å påleggje overtidsarbeid.

Dersom mannskapet blir pålagd ein eller fleire timar overtid på ein av dei vanlege fridagane (sjå pkt. 5.3.1), har han rett til ein heil dags kompensasjon. Det er overlate til oppdragsgjevarane å sørgje for at dei resterande timane eventuelt vert lagde til i perioden, slik at det vanlege timetalet vert oppnådd.

Dersom mannskapet må arbeide på rørlege helgedagar, høgtidsdagar og liknande, har han rett til kompensasjon time for time i form av fritid på vanleg kvardag.

Arbeidstida hos den enkelte oppdragsgjevaren vert lagd til grunn ved berekning av overtid. Mannskap som er utplasserte i leir, kan påleggjast vaktteneste utan kompensasjon i fritid for dette.

5.3.5 Avvikling av opparbeidd fritid

Opparbeidd fritid skal avviklast så snart som råd etter at arbeidet er pålagt. Kompensasjonen kan ikkje utgjere meir enn fem dagars samanhengande fritid og skal avviklast før ny fritid vert opparbeidd.

Det er høve til å avvikle dei fem fridagane i samanheng med dei vanlege fridagane eller i samband med innvilga permisjonsdagar.

Det er overlate til oppdragsgjevarane å sørgje for at slik kompensasjon blir avvikla.

5.4 Forholdet til arbeidsmiljøloven og forskrifter gjevne i medhald av loven

I medhald av arbeidsmiljøloven (lov av 4. februar 1977 om arbeidervern og arbeidsmiljø) §41 er det fastsett at sivile vernepliktige skal sjåast på som arbeidstakarar i høve til følgjande kapittel: kapitla I –VII, kapittel XIII og kapittel XIV med unntak av §86.

Oppdragsgjevarane er ansvarlege for at tryggleikskrava og krava til arbeidsmiljøet i denne loven vert overhaldne.

I §14 i forskrift av 29. april 1977 om verneombod og arbeidsmiljøutval går det fram at sivile vernepliktige ikkje kan veljast til verneombod eller som medlemmer av arbeidsmiljøutval. Dei har heller ikkje stemmerett ved val av verneombod og arbeidsmiljøutval og skal heller ikkje vere med i teljegrunnlaget når det skal avgjerast om verksemda har så mange arbeidstakarar at arbeidsmiljøutval skal skipast.

I høve til same forskrift §6 nr. 9 skal sivile vernepliktige tilkallast når arbeidsmiljøutvalet behandlar saker som særleg gjeld for denne gruppa. Dei sivile vernepliktige har tale- og forslagsrett i utvalet, men ikkje stemmerett.

5.5 Tvilstilfelle om ansvars- og arbeidsforhold

Tvilstilfelle om ansvars- og arbeidsforhold skal leggjast fram for Siviltenesta til avgjerd.

F. Særlege retningslinjer for teneste i utlandet

I dette avsnittet er det fastsett særlege retningslinjer for avgjeving av mannskap til teneste i utlandet. Retningslinjene omhandlar blant anna området for tenesteplassering, reglar om økonomiske forhold, permisjonsreglar, helsetenester og tidspunkt for frammøte og dimisjon.

Handboka sine reglar om teneste som vert utført i Noreg, gjeld også for utanlandsteneste så langt dei er praktiske å følgje for tenesta eller det ikkje går fram noko anna av dette kapittelet.

Føresegnene i avsnitt 2-5 gjeld berre mannskap som er avgjevne til oppdrag i utlandet i medhald av pkt. 1.

Justisdepartementet kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane i avsnitt 1, pkt. 1.1.

1. Særlege retningslinjer for tenesteoppdrag i utlandet

1.1 Området for tenesteoppdrag

Sivile vernepliktige kan utføre bistandsarbeid og internasjonalt solidaritetsarbeid i utlandet for humanitære organisasjonar og institusjonar som driv humanitært og sosialt arbeid. Det er ein føresetnad at organisasjonen eller institusjonen er etablert i Noreg.

1.2 Særlege føresegner for sivile vernepliktige legar

Sivile vernepliktige leger kan også avgjevast til oppdrag i utlandet i medhald av pkt. 1.1.

1.3 Krav til mannskapet

a. Mannskap som vert avgjevne til oppdrag i utlandet, må vere medlemmer av folketrygda, sjå lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19, kap. 2.

b. Mannskap som vert avgjevne til oppdrag i utlandet, må ikkje ha ein skade eller sjukdom som er påført eller oppstått før frammøte til teneste, og som kan medføre behov for helsetenester under opphaldet i utlandet.

2. Særlege føresegner om økonomiske forhold under utanlandsteneste

2.1 Utanlandstillegg

a. Mannskap som utfører teneste i utlandet, får eit utanlandstillegg i staden for kostgodtgjering etter kap. 4 bokst. A pkt. 1. Tillegget vert også gjeve dei dagane mannskapet har permisjon i vedkomande land.

For mannskap som gjer teneste hos oppdragsgjevar som ikkje har kost på staden, er utanlandstillegget pr. dag 1/3 av den fastsette satsen for kostgodtgjering for vedkomande land i ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning”.

For mannskap som vert haldne med kost av oppdragsgjevar, er utanlandstillegget pr. dag tilsvarande satsen for ”administrativ forpleining” etter regelen i ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning” §10, pkt.5.

b. Under langpermisjon som vert teken ut i vedkomande land i tilknyting til ei fri permisjonsreise innan landet, får også mannskap som vert haldne med kost av oppdragsgjevar, eit utanlandstillegg pr. dag som tilsvarer 1/3 av den fastsette satsen for kostgodtgjering for vedkomande land i ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning”.

c. Det vert ikkje gjeve utanlandstillegg for reisedagar når det vert utbetalt kostgodtgjering som bestemt for reiser etter ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning” eller når oppdragsgjevaren held fri kost under reisa.

d. Oppdragsgjevaren dekkjer kostnaden til utanlandstillegget ved innbetaling til siviltenesteadministrasjonen. For oppdragsgjevarar som ikkje har kost på staden, vert det gjort frådrag for eit beløp tilsvarande det mannskapet ville ha fått utbetalt i kostgodtgjering frå administrasjonen dersom han hadde utført teneste i Noreg i same tidsrom. For  oppdragsgjevarar som forpleier mannskap i utlandet, vert same refusjon gjeven  i godtgjeringssatsen for oppdragsgjevarar som for oppdragsgjevarar som forpleier mannskap i Noreg. Utanlandstillegget vert utbetalt til mannskapet av siviltenesteadministrasjonen.

2.2 Reiseutgifter

a. Følgjande reiser skjer for oppdragsgjevaren si rekning:

- reiser som er beordra av oppdragsgjevaren til/frå Noreg og i utlandet

- frammøte- og dimisjonsreiser frå/ til Noreg, jamvel reiser i samband med innvilga tenesteavbrot

- frie permisjonsreiser til/frå Noreg som mannskapet har rett til i medhald av kap. 3 bokst. G pkt. 5 med dei avgrensingane som følgjer av pkt. 3.2 nedanfor.

- fri permisjonsreise til/frå Noreg som mannskapet har rett til i medhald av kap. 3 bokst. G pkt. 6.2 når det er innvilga velferdspermisjon kl. A, reise som administrasjonen har funne at det er grunnlag for å innvilge stønad til etter reglane i kap. 3 bokst. G pkt. 6.3.4 når det er innvilga velferdspermisjon kl. B.

b. Reiser som nemnde i pkt. a vert gjennomførde etter ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning”, med følgjande avgrensingar og tillegg:

- Reglane i regulativet kap. 4 skal  ikkje nyttast, med unntak av §14, pkt. I (om dekning av premie til forsikring av reisegods). Oppdragsgjevar avgjer om §§4 og 5 i regulativet kap. I skal leggjast til grunn.

- Transportkostnader m.v. som skal dekkjast av oppdragsgjevar, skal så langt det er råd betalast på førehand av oppdragsgjevar. Når oppdragsgjevaren  ikkje kan betale kostnaden direkte, får mannskapet utbetalt eit reiseforskot til dekning av kostnadene. Godtgjeringar og tillegg som oppdragsgjevar skal gi i samband med reisa, vert også utbetalte som forskot.

- Reglane i regulativet skal ikkje nyttast når mannskapet oppheld seg på tenestestaden i utlandet.

- Dersom oppdragsgjevaren held fri kost og/eller fritt kvarter under reisa, fell kostgodtgjering og/eller nattillegg etter regulativet bort. I staden får mannskapet eit tillegg pr. dag, som tilsvarer satsen for ”administrativ forpleining” etter regelen i regulativet §10, pkt. 5.

- Det vert  ikkje gjeve kostgodtgjering etter reglane i ”Regulativ for reiser i utlandet for statens regning” for dagar der det vert gjeve utanlandstillegg.

- Ved frammøte- og dimisjonsreiser og reiser i samband med permisjonar til/frå Noreg vert reisa rekna som påbyrja/avslutta når mannskapets kjem til sin faste bustad, eventuelt den bustaden han mottek butillegg for. Mannskapet kan i slike tilfelle velje å byrje/avslutte reisa ein annan stad i Noreg dersom det ikkje påfører oppdragsgjevaren auka utgifter.

- For den delen av ei reise som går føre seg innan Noreg, kan oppdragsgjevar krevje at mannskapet nyttar dei rabattordningane som gjeld for sivile vernepliktige på reiser med tog, skip, hurtigbåtar, ferjer og rutebilar.

3. Særlege reglar om permisjon og frie permisjonsreiser

3.1 Avgrensingar i høvet til å forlate oppdragsstaden og oppdragslandet under permisjon

a. Sivile vernepliktige som utfører teneste i utlandet, kan i tidsrom da dei er permitterte frå tenesta, ikkje forlate det lokale området der dei bur og utfører teneste utan samtykke frå siviltenesteadministrasjonen.

b. Sivile vernepliktige som utfører teneste i utlandet, kan ikkje reise til eit anna land enn Noreg utan samtykke frå siviltenesteadministrasjonen.

3.2 Avgrensingar i høvet til å ta ut frie permisjonsreiser til Noreg for mannskap som tenestegjer i land utanfor Europa*

a. Talet på  frie permisjonsreiser mannskapa har krav på i løpet av tenestetida går fram av kap. 3 bokst. G pkt. 5. For mannskap som tenestegjer i land utanfor Europa,* gjeld følgjande avgrensingar i retten til å ta ut desse til Noreg:

- sivile vernepliktige som skal tenestegjere i land utanfor Europa i 6-9 månader, kan ta ut ei fri permisjonsreise til Noreg.

- sivile vernepliktige som skal tenestegjere i land utanfor Europa i 9-12 månader, kan ta ut to frie permisjonsreiser til Noreg.

* Med Europa meiner ein her alle europeiske statar unntatt Russland.

b. Frie permisjonsreiser til/frå Noreg skal gjennomførast for oppdragsgjevaren si rekning etter reglane i pkt. 2.2.

3.3 Høvet til å ta ut frie permisjonsreiser i oppdragslandet, eventuelt til eit anna land, og stønad til slike reiser

a. Frie permisjonsreiser som mannskapet har krav på i medhald av kap. 3 bokst. G pkt. 5 som ikkje kan takast ut til Noreg på grunn av reglane under pkt. 3.2, eller som han ikkje ønskjer å ta ut til Noreg, kan takast ut i oppdragslandet eller til eit anna land, dersom siviltenesteadministrasjonen har gjeve samtykke til det, sjå pkt. 3.l b.

b. Til frie permisjonsreiser som vert tekne ut i vedkomande land, eller til eit anna land yter oppdragsgjevaren ein fast stønad pr. reise (frå tenestestaden og tilbake). For sats, sjå kap. 10 vedlegg 1. Under langpermisjon vert det gjeve utanlandstillegg i samsvar med pkt. 2.1.

4. Lege- og tannlegehjelp i utlandet

4.1 Generelt

Etter lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19 §13-8 er sivile vernepliktige som er medlemmer av folketrygda, yrkesskadedekte ved alle skadar og sjukdommar som er påførde eller har oppstått i tidsrommet frå dei møter til teneste til dei vert dimitterte, utan omsyn til  kvar i  verda det har skjedd. Yrkesskadedekninga inneber at skaden eller sjukdommen vert rekna som yrkesskade. Dette gir visse særfordelar etter folketrygdloven, bl.a. utvida rett til helsetenester, sjå §13-2 og §5-25. Sjå pkt. 4.3. Retten til stønad etter loven fell likevel bort ved opphald i land der det ligg føre ein gjensidig avtale med landet om trygd, dvs. alle EØS-landa, bortsett frå Hellas og Italia. Mannskap som tenestegjer i EØS-landa, unntatt Hellas og Italia, har etter avtalen om felles rett same krav på ytingar ved skade og sjukdom som landet sine eigne borgarar. Sjå pkt. 4.4.

MERK! Mannskapet, eventuelt oppdragsgjevaren hans dersom mannskapet sjølv er forhindra, pliktar å melde frå til siviltenesteadministrasjonen om alle skadar eller sjukdommar mannskapet får som kan trenge behandling, så snart som mogleg og helst før behandlinga vert påbyrja.

4.2 Rutinekontrollar/planlagde behandlingar

Alle rutineundersøkingar og planlagde behandlingar hos lege og tannlege e.l. skal gjennomførast mens mannskapet oppheld seg i Noreg.

4.3 Særlege reglar for mannskap som tenestegjer i land utanfor EØS-området eller Hellas eller Italia

a. Mannskap som tenestegjer i land utanfor EØS-området eller Hellas eller Italia, har rett til full dekning av nødvendige utgifter til legehjelp, tannlegehjelp, legemidddel, m.v., sjå folketrygdloven § 5-25, ved alle skadar og sjukdommar som er påførde eller har oppstått mens dei er i teneste, dvs. i tidsrommet mellom frammøte og dimisjon.

b. Utgifter til behandling som nemnd i pkt. a skal betalast i forskot av siviltenesteadministrasjonen.

4.4 Særlege reglar for mannskap som tenestegjer i EØS-land unntatt Hellas og Italia

a. Mannskap som tenestegjer i eit EØS-land unntatt Hellas og Italia, har same rett til behandling av skade og sjukdom som landet sine eigne borgarar. Denne retten vert godtgjord i oppdragslandet ved skjema E-111 (akutt sjukdom) og skjema E-106, som ein kan få ved mannskapet sitt  lokale trygdekontor i Noreg. Mannskap som skal tenestegjere i slike land, pliktar å ha desse skjema med seg til oppdragslandet.

Siviltenesteadministrasjonen melder frå til Folketrygdkontoret for utanlandssaker om skaden eller sjukdommen.

b. Alle utgifter som kjem til  i samband med behandlinga, vert betalte av siviltenesteadministrasjonen på forskot. Kostnader som er betalte på forskot av administrasjonen og som ikkje ville ha blitt dekte av det aktuelle landet dersom mannskapet var borgar der, t.d. eigedelar, vert refunderte til administrasjonen frå oppdragsgjevaren.

5. Særlege reglar om tidspunkt for frammøte og dimisjon

Reiser mellom oppdragslandet og Noreg i samband med frammøte til teneste (etter avbrot) eller dimisjon frå tenesta (før avbrot eller etter avslutta teneste) skal gjennomførast mens mannskapet er i teneste.

Ved frammøtereise frå Noreg til oppdragslandet reknar ein mannskapet som møtt til teneste når han forlèt Noreg.

Ved dimisjonsreise frå oppdragslandet til Noreg reknar ein mannskapet som dimittert frå tenesta når han kjem til Noreg.

Oppdragsgjevaren må sjå til at reisa er lagd opp slik at mannskapet forlèt eller kjem til  Noreg den dagen han er pålagd å møte igjen eller skal dimittere.

Desse føresegnene gjeld ikkje når mannskapet har opphalde seg i eit anna land enn Noreg før frammøtet til teneste i oppdragslandet eller skal opphalde seg i eit anna land enn Noreg etter dimisjon frå tenesta i oppdragslandet. I slike tilfelle reknar ein mannskapet som møtt eller dimittert når han melder seg for oppdragsgjevaren eller forlèt tenestestaden i oppdragslandet.

MERK! I tidsrom da mannskapet oppheld seg i utlandet utan å vere i teneste, dvs. før frammøte til eller etter dimisjon frå tenesta, er han sjølv ansvarleg for å sørgje for tilstrekkeleg forsikringsdekning og for å halde seg orientert om eventuelle ytingar frå folketrygda.

G. Permisjonsreglar

Rimelege høve til permisjon er viktige for mannskapa si velferd og trivsel. Mannskapa får derfor tenestefri eit bestemt tal dagar i form av langpermisjonar. Det vert opparbeidd rett til to langpermisjonsdagar pr. tenestegjerande månad.

Søknad om langpermisjon vert avgjord av oppdragsgjevaren med høve til klage til Siviltenesta.

Under langpermisjon vert reisekostnadene dekte av Siviltenesta (fri permisjonsreise, sjå pkt. 5)

Mannskapa kan elles få fritidspermisjon, permisjon av personlege velferdsgrunnar (velferdspermisjon), idrettspermisjon, permisjon for ivaretaking av offentlege ombod/verv og permisjon i samband med religionsutøving.

Ved søknad om permisjon skal mannskapa nytte fastsette permisjonsblankettar. Søknaden skal som regel setjast fram innan 14 dagar før permisjonen vert ønskt påbyrja.

1. Oversikt – prosedyrar

1.1 Typar permisjon

Dei ulike permisjonstypane som kan gjevast, er:

a. Fritidspermisjon (sjå pkt. 3)

b. Langpermisjon (pkt. 4)

c. Velferdspermisjon (pkt. 6)

1. Klasse A - Kritiske situasjonar i heimen

2. Klasse B - Andre tvingande velferdsgrunnar

3. Klasse C - Andre velferdsgrunnar

d. Idrettspermisjon (pkt. 7)

e. Permisjon for å ivareta offentlege ombod, verv m.v. (pkt. 8)

f. Permisjon i samband med religionsutøving (pkt. 9).

 

1.2 Myndigheit til å permittere

Siviltenesta har myndigheit til å gi permisjon etter dette regelverket.

Myndigheit til å innvilge fritidspermisjon og langpermisjon er delegert til oppdragsgjevarane.

1.3 Søknad om permisjon og registrering

Søknad om permisjon skal som hovudregel skje skriftleg og innan 14 dagar før permisjonen vert ønskt påbyrja. Dette gjeld normalt ikkje for fritidspermisjon, sjå pkt. 3. I særlege tilfelle der det er nødvendig med  permisjon straks, kan søknaden fremjast ved personleg frammøte, pr. telefon, telefaks eller elektronisk post.

Utfylte permisjonssetlar på fastsette blankettar gjeld som søknad for alle typar permisjonar og skal normalt nyttast. Ved søknad om andre permisjonar enn fritidspermisjon og langpermisjon skal det gjevast nærmare opplysningar om grunnen til søknaden. Opplysningane skal om mogleg attesterast av rett myndigheit/institusjon.

Mannskapet pliktar å informere oppdragsgjevaren om aktuelle permisjonssøknader.

Siviltenesta skal halde oversikt over permisjonar som denne har innvilga for det enkelte mannskapet.

Oppdragsgjevaren pliktar å føre rekneskap over det talet på langpermisjonsdagar som det enkelte mannskapet har avvikla. På førespurnad skal opplysningane gjevast til Siviltenesta.

1.4 Definisjonar

Med tenesta meiner ein i dette regelverket den regulære arbeidstida, soning av refs og tida som mannskapet er sjuk.

Som kvardagar reknar ein alle vekedagar unntatt søndagar, offentlege høgtidsdagar, helgedagar og påskeaftan.

Fritida er normalt tida utanom tenesta slik denne er definert ovanfor.

Permisjon er løyve til å vere borte frå tenestestaden under bestemte føresetnader og på bestemte vilkår. Fritidspermisjon er løyve til å røre seg fritt utanfor tenestestaden i fritida. Denne fridomen kan avgrensast av tenestlege grunnar.

Definisjonane i dette kapittelet er  berre gyldige i samanheng med permisjonsreglane og kan ikkje nyttast ved tolking av andre føresegner, regulativ m.v.

2. Alminnelege føresegner

2.1 Generelt

Innan ramma av dei generelle og spesielle krava tenesta set skal mannskapa gjevast rimeleg høve til permisjon. Siviltenesta skal halde seg à jour med den enkelte si teneste og sørgje for at aktuelle permisjonar blir gjevne i tur og orden.

Langpermisjon og velferdspermisjon klasse A kan innvilgast når det er mogleg av omsyn til beredskapen. Velferdspermisjon klasse B og C kan innvilgast når tenestlege omsyn tillèt det. Som alminneleg vilkår for at permisjon kan innvilgast gjeld at permisjonen ikkje i vesentleg grad vil hindre mannskapet si opplæring eller teneste.

2.2 Permisjonsnekt/inndraging av permisjon m.m.

Permisjonsnekt på disiplinært grunnlag kan berre skje i form av refs i medhald av disiplinærreglane for sivile vernepliktige, sjå kap.10 pkt. 5. Slik fridomsavgrensing som refs skal ikkje gå ut over dei permisjonsdagane dei refsa  skal få som langpermisjonar, men kan føre til at avviklinga vert lagd til eit seinare tidspunkt. Ho skal heller ikkje hindre avvikling av permisjonar som har særleg tyding i velferdssamanheng, og som ikkje kan utsetjast, så som velferdspermisjon klasse A og etter nærmare vurdering velferdspermisjon klasse B.

Permisjon kan inndragast når viktige tenestlege grunnar gjer det nødvendig. Permisjonen kan også inndragast eller utsetjast i inntil 48 timar for mistenkte og/eller moglege vitne når dette er nødvendig for å etterforske eller behandle sak om handling som kan vere årsak til refs eller straff, og som har skjedd rett før eller under permisjon.

Dersom mannskapet ulovleg forlèt tenestestaden før permisjonstida, vert heile den tida vedkomande har vore borte frå tenestestaden rekna som ulovleg fråvær.

2.3 Avslutninga på permisjonen

Dersom ikkje anna er bestemt, vert permisjonen rekna som avslutta i dei tilfella der mannskapet vender tilbake til tenestestaden før permisjonen sluttar.

2.4 Kortare fritidspermisjon

Under kortare fritidspermisjonar  (dvs. i tida frå tenesteslutt til tenesta byrjar neste dag) kan mannskapa røre  seg fritt utanfor tenestestaden utan å søkje om permisjon under føresetnad av at dei kan returnere innan utløpet av fritida.

Mannskap som gjer teneste ved leiradministrasjon, vert rekna som permitterte i tida utanfor vanleg kontor- og arbeidstid, dersom dei ikkje er pålagde teneste ut over denne tida.

2.5 Permisjon til utlandet

Siviltenesta har myndigheit til å gi permisjon til utlandet.

2.6 Plikt til å ha vernepliktsbok under permisjon

Under permisjon skal mannskapet til kvar tid ha vernepliktsboka si som også gjeld som legitimasjon ved spørsmål om reiserabattar.

2.7 Handling ved forseinka retur etter avslutta permisjon

Ved bruk av offentleg transportmiddel pliktar mannskapet på førehand å undersøkje rutetidene og innrette seg etter desse.

Dersom det er upårekna hindringar som er årsaka til at mannskapet kjem for seint frå permisjon, kan ikkje forholdet refsast. Som upårekna hindringar kan til dømes nemnast sjukdom ( sjå pkt. 10) eller uhell som gjer at reisetida tilbake til tenestestaden blir lengre enn det mannskapet hadde grunn til å rekne med.

Dersom mannskapet meiner at forseinkinga kjem av upårekna hindringar, skal han sørgje for stadfesting for kva som var årsaka til forseinkinga. Slik stadfesting skal helst innhentast frå offentleg tenestemann (t.d. lensmann), jernbanefunksjonær, flyterminalbetjent, lege, eller, om dette ikkje er mogleg, frå annan truverdig person på staden.

Mannskapet skal ta seg tilbake til tenestestaden på raskaste måte og under alle omstende snarast underrette Siviltenesta eller oppdragsgjevaren om dei forseinkingane som er komne til, og om når og på kva måte han reknar med å kunne vere tilbake på tenestestaden.

3. Fritidspermisjon

Fritidspermisjon er løyve til å røre seg fritt utanfor tenestestaden i fritida, utan permisjonssetel ved kortare permisjonar og med permisjonssetel ved lengre permisjonar.

For mannskap som er utplasserte i godkjende tenesteoppdrag, krevst det ikkje permisjonssetel, om ikkje administrasjonen finn særleg grunn til det.

Dette inneber bl. a at mannskapet, utan å søkje om det, har følgjande permisjonar:

- fritidspermisjon på dei to fridagane i veka

- i påsken frå tenesta sluttar onsdag før skjærtorsdag til tenesta byrjar 3. påskedag

- i pinsen frå tenesta sluttar pinseaftan til tenesta byrjar 3. pinsedag

- i julen frå tenesta sluttar julaftan til tenesta byrjar 3. juledag

- ved nyttår frå tenesta sluttar nyttårsaftan til tenesta byrjar 2. januar

- andre rørlege høgtidsdagar.

For personell i heilkontinuerlig skiftarbeid (turnusteneste) vert det gjeve fritidspermisjon berre for den perioden mannskapet ikkje er pålagd teneste ifølgje skiftlista.

Fritidspermisjon kan gjevast så langt tenesta tillèt det og under føresetnad av at mannskapet kan returnere til tenestestaden innan fritida tek slutt . Oppdragsgjevaren pliktar å sjå til at mannskapet møter til fastsett tid etter avslutta permisjon. Dersom mannskapet ikkje møter til fastsett tid, skal oppdragsgjevaren straks melde frå om dette til Siviltenesta.

Mannskap i vernebuskap for brannvern ved Siviltenesta kan ikkje innvilgast fritidspermisjon.

Ved misbruk av ordninga  med fritidspermisjon kan Siviltenesta setje i verk restriksjonar, eventuelt oppheve ordninga for ein periode av inntil ein månad.

4. Langpermisjon

4.1 Generelt

Mannskapa opparbeider under tenesta rett til tenestefri i eit tal på kvardagar. Talet på  fridagar vert utrekna ut frå kor mange månadar som mannskapet er i teneste, sjå pkt. 4.2. Avviklinga av desse fridagane går føre seg ved at mannskapa får langpermisjon.

Søknad om langpermisjon vert avgjord av oppdragsgjevaren. Ved avslag kan mannskapet innan 14 dagar påklage avgjerda til Siviltenesta.

Talet på permisjonsdagar kan ikkje reduserast på grunn av tidlegare ulovlig fråvær eller av andre årsaker. Langpermisjon kan utsetjast etter oppmoding frå påtalemakta i dei tilfella der vedkomande er sikta eller tiltalt i straffesak eller idømd straff som ikkje er fullbyrda.

Permisjonen byrjar når den normale daglege tenesta er slutt på avreisedagen. Dette kan fråvikast dersom tilgjengelege eller pålagt nytta kommunikasjonsmiddel  tilseier det. Permisjonen vert avslutta ved tilbakekomst til tenestestaden.

Langpermisjon vert  ikkje gjeven under sivil repetisjonsteneste.

4.2 Berekning av lengda på langpermisjon

Mannskapa opparbeider rett til 2 kvardagar permisjon pr. månad som dei gjer teneste. I denne samanhengen reknast laurdag som kvardag, slik at det på årsbasis skal reknast fire laurdagar som kvardagar.

For mannskap med tolv månaders teneste vil det bli rekna fire permisjonsdagar for laurdagar som vert trekte ved byrjinga av tenesta (12 mnd. = 24 permisjonsdagar minus 4 laurdagar = 20 permisjonsdagar til disposisjon). For mannskap med kortare tenestetid vil talet på permisjonsdagar med trekk av permisjonsdagar for laurdagar verte berekna etter lengda på tenestetida.

Søndagar, helgedagar og høgtidsdagar - jamvel rørlege helgedagar som fell innan langpermisjonen, vert ikkje rekna som kvardagar. Påskeaftan vert ikkje rekna som kvardag.

Mannskap som avtente militær førstegongsteneste da han søkte om overføring til sivil verneplikt, og som hadde opparbeidd langpermisjonsdagar under militærtenesta som ikkje er avvikla, får eit tilsvarande tal dagar ekstra langpermisjon.

4.3 Avvikling av permisjonen

Langpermisjonsdagane vert  normalt avvikla i form av permisjonsperiodar på minst sju vekedagar og med bruk av frie permisjonsreiser (frie permisjonsreiser, sjå pkt. 5).

Tenestlege omsyn avgjer når langpermisjon skal gjennomførast. Langpermisjonane skal ein søkje å  avvikle i samband med høgtider eller i sommarferieperioden, og slik at langpermisjonsperiodane blir spreidde over heile førstegongstenesta. Den siste av langpermisjonsperiodane bør leggjast til dei siste 7-11 vekene av tenesta, slik at mannskapet under denne permisjonen vil ha rimeleg høve til å ta kontakt med arbeidsgjevar, førebu butilhøve og liknande i samband med tilbakeføring til sivil verksemd etter dimisjon.

4.4 Reisetid

I samband med langpermisjon skal det gjevast reisetid når reisa ein av vegane overstig 12 timar faktisk reisetid. Langpermisjonen, eller ein seinare langpermisjon, skal da forlengjast med den tida kvar reise overstig 12 timar faktisk reisetid med rutegåande transportmiddel eller tilvist reisemåte.

Dersom langpermisjon ikkje vert søkt til heimstaden, vert  det gjeve reisetid etter dei same reglane, men maksimalt som om permisjonen var gjeven til heimstaden.

Berekning av reisetid ved byrjinga av permisjonen startar for alle mannskapa ved slutten av tenestetida på avreisedagen. Ved permisjonsslutt skal reisetid reknast frå avreisa heimafrå til ein kjem til  tenestestaden.

4.5 Personell i heilkontinuerlig skiftarbeid (turnusteneste)

Som hovudregel skal langpermisjonsdagane innarbeidast i turnusen, og dette skal gå fram av turnusplanen.

Dersom langpermisjonsdagane ikkje kan innarbeidast i turnusen, skal langpermisjonar innvilgast etter dei vanlege reglane. Frå og med det første skiftet skal det trekkjast ein langpermisjonsdag for kvar kvardag.

Når langpermisjon unntaksvis byrjar i ei helg som skiftet har helgeteneste, skal det trekkjast langpermisjonsdagar for laurdagar/søndagar/helgedagar der vedkomande etter skiftlista skulle ha arbeidd.

4.6 Registrering av permisjonar

Permisjonen vert registrert frå den normale slutten av den daglege tenesta på avreisedagen, også i dei tilfella avreise frå tenestestaden har skjedd tidlegare på dagen. Permisjonen vert registrert som avslutta ved pålagd innpassering på tenestestaden. Permisjonen vert registrert i heile kvardagar. Medgått reisetid vert runda av og vert godskriven med heile dagar. Før planlegging av den siste langpermisjonen tar til, vert lengda på dei allereie avvikla langpermisjonane summerte. Lengda av den siste langpermisjonen vert justert slik at mannskapet vil få to permisjonsdagar pr. tenestegjerande månad.

5. Frie permisjonsreiser

5.1 Fri permisjonsreise

Fri permisjonsreise inneber at Siviltenesta:

a. dekkjer billettutgifter til reise på billegaste reisemåte minus eventuell rabatt (2. kl. jernbane, 2. kl. båt) frå tenestestaden til heimen og tilbake.

b. gjev kostgodtgjering for fram- og tilbakereiser etter gjeldande satsar, sjå kap. 10 vedlegg 1.

c. når reisa gjer det nødvendig med nattopphald på tre timar eller meir pr. natt, vert det gjeve  nattillegg etter følgjande alternativ:

1. Legitimerte overnattingsutgifter til billegaste soveplass på offentleg kommunikasjonsmiddel.

2. Legitimerte overnattingsutgifter (etter oppsett reiserute) med inntil eit nærmare fastsett beløp pr. natt , sjå kap. 10 vedlegg 1. Som natt reknast tidsrommet mellom kl 22.00 og kl 06.00.

5.2 Omfanget av dei frie permisjonsreisene

5.2.1 Hovudreglar

Mannskap med inntil 2 månader teneste, får ei fri permisjonsreise.

Mannskap med 2-4 månader teneste, får tre frie permisjonsreiser.

Mannskap med meir enn fire månader teneste, får ei fri permisjonsreise ekstra for kvar annan heile tenestegjerande månad dei pliktar ut over fire månader.

5.2.2 Ekstra frie permisjonsreiser

5.2.2.1 Mannskap med omsorg for barn

Mannskap som har omsorg for barn, får, rekna ut frå lengda på tenesta, ekstra frie permisjonsreiser.

Rett til ekstra fri permisjonsreise i samband med omsorg har:

a) gift/sambuande med felles barn (jamvel adoptivbarn, stebarn, andre barn som vert forsørgde i hushaldning) som får barnetillegg frå siviltenesteadministrasjonen.

b) skilt/separert/ugift med felles barn som ikkje bur saman med den andre forelderen, som i tillegg til barnet/barna sin fødselsattest har ein av følgjande dokumentasjonar på rett til samvær:

- avtale mellom foreldra

- stadfesting frå mor til  barnet

- stadfesting frå lensmann eller

- stadfesting frå fylkesmann.

For kategori b gjeld krava til dokumentasjon sjølv om mannskapet mottek barnetillegg.

Følgjande reglar gjeld:

- Mannskap med 5-7 månader teneste får to frie permisjonsreiser ekstra.

- Mannskap med 8-10 månader teneste, får tre frie permisjonsreiser ekstra.

- Mannskap med 11-12 månader teneste, får fire frie permisjonsreiser ekstra.

5.2.2.2 Mannskap som er innvilga velferdspermisjon kl. A

Når velferdspermisjon klasse A innvilgast, skal mannskapet ha ei ekstra fri permisjonsreise. Reisa går ikkje til frådrag i det talet på frie permisjonsreiser som mannskapet normalt har krav på.

5.2.2.3 Mannskap som avtente militærteneste ved søknad om sivil verneplikt

Mannskap som har minst fire dagar ekstra langpermisjon etter kap. 3, bokst. G pkt. 4.2 fjerde avsnitt, får ei ekstra fri permisjonsreise.

5.3 Avvikling av dei frie permisjonsreisene

Dei frie permisjonsreisene skal nyttast i samband med langpermisjon (eventuelt i samband med avvikling av velferdspermisjon kl. A). Dersom eit mannskap nyttar permisjonsdagane sine på færre enn det talet på permisjonsreiser han måtte ha krav på ifølgje permisjonsreglementet, kan resterande frie permisjonsreiser gjevast i annan samanheng under føresetnad av at mannskapet søkjer Siviltenesta om å få dekt utgiftene til ei slik reise.

5.4 Nærmare føresegner om reisa

5.4.1 Reise til heimstaden

Med heim meiner ein den faktiske heimstaden, normalt den staden der mannskapet sine foreldre, eventuelt ektefelle, har bustaden sin, eller for den staden mannskapet er innvilga bustønad til.

Når mannskapet sine foreldre bur kvar for seg, kan halvparten av dei frie permisjonsreisene gjevast i samband med besøk til den av foreldra som ikkje bur på mannskapet si heimeadresse. Dersom den av foreldra som ikkje bur på mannskapet si heimeadresse er busett i utlandet, kan det innvilgast stønad til reise og retur på billegaste reisemåte, under dette billettutgifter, kost- og nattillegg med inntil eit fastsett beløp (sjå kap. 10 vedlegg 1) for halvparten av dei frie permisjonsreisene.

Dersom mannskapet sine foreldre bur i utlandet og sjølv om mannskapet har bustadadresse i Noreg, kan det innvilgast stønad til reise på billegaste reisemåte, under dette billettutgifter, kost- og nattillegg med inntil eit fastsett beløp, sjå kap. 10 vedlegg 1.Bustaden til foreldra vert ikkje rekna som heimstad dersom mannskapet er gift/sambuar eller mottek bustønad.

For mannskap som har heimen sin i utlandet, kan Siviltenesta innvilge stønad til reise til heimen og retur på billegaste  reisemåte, under dette billettutgifter, kost og nattillegg med inntil eit fastsett beløp, sjå kap. 10 vedlegg 1. Stønadsbeløpet skal dekkje utanlandsreise. Siviltenesta dekkjer i tillegg reise til nærmaste avgangsstad for transport til utlandet. Stønadsbeløpet vert gjeve for like mange reiser som bestemt for mannskap busette innanlands.

5.4.2 Reise til annan stad enn heimen

Fri permisjonsreise kan også nyttast til reise andre stader innanlands enn til heimstaden under føresetnad av at utgiftene for administrasjonen i kvart enkelt tilfelle ikkje blir større enn om vedkomande reiste til heimen sin og tilbake, sjå pkt. 5.4.1.

Blir reisa til og frå permisjonsstaden billegare enn reise til og frå heimstaden, kan differansebeløpet nyttast  som tilskot til kost og losji under permisjonstida, avgrensa til kostsatsen som gjeld under frie permisjonsreiser (for reise som varer over ti timar), sjå pkt. 5.1. Føresetnaden for at desse reglane kan nyttast er at permisjonsstaden ikkje ligg nærmare mannskapet sin tenestestad enn 50 km.

Ønskjer eit mannskap å nytte fri permisjonsreise i samband med deltaking i ein organisert permisjonstur innanlands, gjeld  tilsvarande reglar.

5.4.3 Bruk av privat transportmiddel når rutegåande transportmiddel er mogleg

Reisegodtgjering vert berekna etter den transportmåten som totalt sett er den rimelegaste for Siviltenesta.

Såframt ikkje tenestlege forhold eller andre årsaker er til hinder for det, kan mannskap på reiser som skal kostast av Siviltenesta, etter nærmare gjevne reglar og søknad få høve til å nytte privat transportmiddel.

Reisegodtgjering vert berekna som for den transportmåten Siviltenesta elles ville ha pålagt vedkomande å nytte, slik at:

- over strekningar der offentlege kommunikasjonsmiddel ville ha vore aktuelle, vert billettutgiftene for billegaste klasse med frådrag av rabattar lagde til grunn

- kostgodtgjering og legitimerte overnattingsutgifter vert utbetalte etter den reisetida som ville ha gått med dersom det aktuelle rutegåande transportmiddelet hadde vore nytta

- kilometergodtgjering etter mønster av ”Særavtale for reiser innenlands for statens regning” med dei til kvar tid gjeldande satsar kan nyttast når dei totale reiseutgiftene med dette blir rimelegare enn ved bruk av offentleg kommunikasjonsmiddel. For bruk av eigen bil vert det for tida (år 2003)  gjeve  ei godtgjering på kr 3,00 pr. kilometer.

Ingen kan med heimel i desse reglane beordrast til å nytte eigen bil.

Reiser vedkomande til annan stad enn til heimstaden, vert vederlag utbetalt etter reglane i pkt. 5.4.2.

5.4.4 Bruk av eige/leigd transportmiddel når rutegåande skyssmiddel ikkje er mogleg

Ved reiser over strekningar der det ikkje går rutegåande transportmiddel, kan det gjevast godtgjering for bruk av eige kjøretøy. Ved slike reiser skal satsane i ”Særavtale for reiser innenlands for statens regning” nyttast så langt dei måtte passe. For bruk av eigen bil vert det for tida (år 2003)  gjeve ei godtgjering på kr 3,00 pr. kilometer.

Såframt Siviltenesta i forkant av reisa har gjeve  løyve til slik reisemåte, kan leigd kjøretøy (drosje etc.) godtgjerast etter rekning såframt transportøren har offentleg løyve. Rekninga skal vere skriven ut med namn,  dato for reisa, reisestrekning og tal på kilometer. Etter førehandsgodkjenning kan også rekningar frå private institusjonar eller personar verte dekte såframt rekninga står i rimeleg forhold til ytinga. Dersom førehandsgodkjenning frå Siviltenesta ikkje er innhenta, vert det gjeve godtgjering etter sats for bruk av eigen bil, dersom dette utgjer billegaste reisemåte.

5.4.5 Bruk av rutefly under fri permisjonsreise

Unntatt frå regelen om reise på billegaste måte er mannskap som får velferdspermisjon klasse A og gjennom det ei ekstra fri permisjonsreise (sjå pkt. 5.2.2.2), når situasjonen tilseier at det er nødvendig å nytte fly for å nå hurtig fram. Flybilletten vert dekt av Siviltenesta.

Siviltenesta vil også kunne dekkje utgifter til rutefly i tilfelle der reisetida frå tenestestaden til heimen overskrid 10 timar, eller der mannskapet ikkje når heimstaden sin før etter kl. 10.00 neste dag ved bruk av andre transportmiddel

5.5 Tilbakekalling frå permisjon

Ved ekstraordinær tilbakekalling frå permisjon vert reiseutgiftene dekte av Siviltenesta. Dersom mannskapet var permittert med fri permisjonsreise, får han ny fri permisjonsreise når tilbakekalling skjer før 3/4 av permisjonen er gjennomførde.

6. Velferdspermisjon

6.1 Generelt

Velferdspermisjon er løyve til å opphalde seg utanfor tenestestaden i tenestetida av personlege velferdsgrunnar og kan gjevast til mannskapa når tenesta tillèt det.

Velferdspermisjonar vert  etter grunngjeving inndelte slik:

- Klasse A - kritiske situasjonar i heimen

- Klasse B - andre tvingande velferdsgrunnar

- Klasse C - andre velferdsgrunnar

Permisjonar i klasse A - B skal normalt ikkje overskride 14 dagars fråvær, mens permisjonar i klasse C ikkje skal overskride sju dagar.

Velferdspermisjon går ikkje til frådrag i andre framtidige permisjonar. Siviltenesta kan likevel ta omsyn til tidlegare velferdspermisjonar ved fordeling av tenesteoppdrag i høgtider og på fridagar der talet på permisjonssøknader overskrid det som kan innvilgast.

6.2 Velferdspermisjon klasse A

Ved kritiske situasjonar i heimen skal mannskapet få velferdspermisjon.

Som kritiske situasjonar i heimen reknast plutseleg påkomen alvorleg sjukdom og/eller ulykke eller dødsfall, jamvel etterfølgjande jordfesting, blant nærmaste pårørande, eller anna alvorleg ulykke som har råka heimen og der Siviltenesta vurderer situasjonen slik at mannskapet straks bør reise heim. Som nærmaste pårørande i denne samanhengen reknast mannskapet sin ektefelle/sambuar/registrerte partnar, barn, pleiebarn, foreldre, besteforeldre, svigerforeldre, sysken og halvsysken. I enkelte tilfelle kan også andre personar som arbeidskollegaer, skolekameratar og liknande stå i eit slikt nært forhold til mannskapet at det er naturleg at desse vert omfatta av omgrepet.

Ved eige barns fødsel vert det gjeve 14 dagars omsorgspermisjon som velferdspermisjon kl. A. Reisedagar vert ikkje lagde til  denne permisjonen. Føresetnaden for innvilging av permisjon er at permisjonen vert nytta til omsorg for mor og barn. Permisjonen skal normalt avviklast samanhengande. Dersom mannskapet ønskjer å vere til stades under eller straks etter fødselen, kan permisjonen delast opp i to periodar på til saman 14 dagar. Gratis heimreise som følgjer velferdspermisjonen klasse A vert likevel berre gjeven ved ei av desse to permisjonsreisene, og all reisetid går inn i permisjonstida. Da det er særs viktig at slike permisjonar kan byrje på kort varsel, skal permisjonssøknadene innleverast i god tid og verte behandla på førehand av Siviltenesta. Endeleg permisjonstid vert fastsett når permisjonen byrjar. For avvikling av farskvote, sjå pkt. 6.3.2 d.

Situasjonen som gir grunnlag for velferdspermisjon skal dokumenterast seinast ved retur til oppdragsgjevar.

Ved innvilging av velferdspermisjon kl. A får ein fri permisjonsreise, sjå pkt. 5.2.2.2. Med heim i denne samanhengen meiner ein, avhengig av situasjonen, faktisk heimstad, nærmaste pårørande sin heimstad eller der kor nærmaste pårørande oppheld seg etter alvorlig ulykke, alvorlig sjukdom m.v. Mannskapet har rett til full dekning av reiseutgifter ved dødsfall, alvorleg sjukdom og ulykkestilfelle i hans eiga nære familie som er busett i utlandet. Som nær familie i denne samanhengen reknast ektefelle/sambuar med felles born/registrert partnar, barn, foreldre, besteforeldre og sysken. Ved alvorleg sjukdom og ulykkestilfelle skal erklæring frå behandlande lege vedrørande forholdet sendast inn saman med søknaden om dekning av reiseutgifter.

6.3 Velferdspermisjon klasse B

6.3.1 Kriterium

Velferdspermisjon klasse B kan gjevast når Siviltenesta finn at tenestlege omsyn må vike for tvingande velferdsgrunnar som ikkje direkte er av akutt karakter.

6.3.2 Tvingande velferdsgrunnar – typar av tilfelle

Som tvingande velferdsgrunnar kan m.a. reknast:

a. Eksamenar: avlegging av viktige og/eller avsluttande eksamenar eller prøver og intervju/opptaksprøver i samband med skolar/studentopptak der utsetjing vil føre til store ulemper for mannskapet.

Permisjon vert gjeven for eksamensdagar. I tillegg vert det gjeve det to kvardagar til kvar eksamensdag for å dekkje behovet for førebuing til eksamen.

b. Leveveg - det vert gjeve permisjon for tvingande nødvendig ivaretaking av leveveg, t.d. konferanse med ny arbeidsgjevar og i heilt spesielle tilfelle, arbeid på eigen gard eller foreldregarden i ein slik kritisk situasjon etc. Særlege forhold i eiga bedrift kan gjere at mannskapet bør gjevast permisjon for ein kortare periode. Dette kan for eksempel vere behov for å vere til stades i samband med revisjonsarbeid, budsjettarbeid og når den som eigaren har sett inn i staden for seg, plutseleg vert sjuk. Under alle omstende må det vere heilt nødvendig at eigaren (mannskapet) er til stades , dvs. at anna relevant og tidsriktig hjelp anten på det nærmaste er umogleg å skaffe eller er irrelevant i samband med for eksempel eigarforhold.

Konferanse med ny arbeidsgjevar bør planleggjast gjennomført i den siste langpermisjonsperioden 7 - 11 veker før dimisjon. I spesielle tilfelle kan det gjevast velferdspermisjon kl. B etter denne permisjonsperioden når det gjeld første gongs konferanse med ny arbeidsgjevar. Dersom konferansen er eit resultat av offentleg arbeidsformidling under dei siste to tenestemånadene, skal dette tilleggjast vesentleg vekt ved vurderinga av søknaden. Dokumentasjon frå Arbeidsformidlinga om slike forhold skal leggjast fram. Når mannskapet sine utgifter til slik konferansereise ikkje blir dekte på annan måte, kan Arbeidsformidlinga på bestemte vilkår dekkje slike utgifter. Dersom same arbeidsgjevar i forhold til ovannemnde kallar inn til andre  gongs intervju, kan det tyde at vedkomande er gjeven slik prioritet i forhold til andre søkjarar at sjansen for å få jobb er stor. Siviltenesta skal i slike tilfelle ta kontakt med arbeidsgjevaren for å avtale tid for ny konferanse. Dersom tidspunktet for andre gongs konferanse ikkje kan tilpassast dei vanlege permisjonsdagane, vert det gjeve velferdspermisjon kl. B.

Velferdspermisjon for arbeid i jordbruket (jordbrukspermisjon) vert berre gjeven ved kritiske arbeidssituasjonar på eigen gard, eventuelt foreldregarden i dei tilfella som mannskapet dokumenterer at han normalt hjelper til kvart år. I tilfelle der mannskapet ikkje sjølv eig garden, skal det vurderast om eventuelle sysken kan delta i arbeidet i staden for mannskapet. Siviltenesta skal da sidestillast med lønt arbeid eller skolegang for syskena. Permisjon for å gjere det mogleg at nærmaste pårørande skal kunne avvikle lovheimla ferie for jordbrukarar, skal ikkje innvilgast. Vilkåret for at permisjon skal kunne innvilgast, er at det ved kommunal eller anna hjelp ikkje er mogleg å skaffe anna arbeidshjelp enn den sivile vernepliktige.

Ved alle velferdspermisjonar for å delta i arbeid i jordbruket skal det mønsteret som er oppgjeve i kap.10 vedlegg 3 nyttast. Etter at søkjaren har fylt ut skjema til landbrukskontoret og permisjonssøknad, sender han permisjonssøknaden til Siviltenesta og skjemaet til landbrukskontoret i den kommunen garden ligg. Landbrukskontoret innhentar i samband med saka uttale frå arbeidskontoret i kommunen. Først når Siviltenesta mottek skjema frå landbrukskontoret (inkludert arbeidskontoret si vurdering), vert velferdspermisjon vurdert.

Er permisjonsgrunnen oppgjeven å vere plutselig oppstått sjukdom hos pårørande, skal permisjonen innvilgast  på søkjarens si utsegn, og landbrukskontoret si uttale etter det fastsette mønsteret skal bringast med ved retur til Siviltenesta.

Permisjon bør innvilgast ved følgjande kritiske arbeidssituasjonar:

- Når den som driv garden, blir plutseleg sjuk.

- Når nødvendig arbeidshjelp ikkje kan skaffast i hektiske arbeidsperiodar.

- Når den som driv garden, er varig sjuk, og derfor ikkje har tilstrekkeleg arbeidskapasitet i hektiske arbeidsperiodar på garden.

Slik sjukdom skal stadfestast av trygdekontoret, eventuelt av lege.

Ved langvarige kritiske arbeidsforhold skal det vurderast om det vil bli lettare for søkjaren å ta siviltenesta på eit seinare tidspunkt, slik at saka best vert løyst ved at den vernepliktige blir gjeven utsetjing med avtening av ein del av førstegongstenesta.

c. Bryllaup: det kan gjevast velferdspermisjon i samband med eige og nære pårørande sitt bryllaup (nære pårørande, sjå pkt 6.2 ovanfor).

d. Fødsel/dåp m.m, Det kan gjevast velferdspermisjon i samband med eige sin barns fødsel eller dåp i nærmaste familie og ved sjukdom i heimen når hjelp vert rekna som nødvendig og ikkje kan skaffast på annan måte. Ved fødsel vert det gjeve permisjon berre når omsorgspermisjon etter pkt 6.2 ikkje vert søkt. Som familie i samband med dåp reknast som for pårørande, sjå pkt. 6.2. I tillegg reknast tante/onkel. Det kan også gjevast velferdspermisjon ved fadderskap ved dåp.

Under føresetnad av at mannskapet tilfredsstiller vilkåra for å ta ut lønt farskvote etter lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven), kan han gjevast farspermisjon i inntil fire veker. Denne permisjonen kjem i tillegg til 14 dagars permisjon i samband med eige barn sin fødsel, sjå pkt. 6.2. Tidspunktet for å ta ut denne permisjonen må avtalast tidlegast mogleg med Siviltenesta, slik at tenesta blir minst mogleg skadelidande. Det vert  ikkje gjeve ytingar  frå Siviltenesta under avvikling av farspermisjon. Mannskapet får i staden ytingar frå trygdekontoret.

e. Konfirmasjon i nærmaste familie. Som nærmaste familie i denne samanhengen reknast brør, systrer, eige barn, særkullsbarn og fosterbarn som er tilhøyrande mannskapet sine foreldre. I enkelte tilfelle kan også andre personar stå i eit slikt nært forhold til mannskapet at det er naturleg at desse vert omfatta av omgrepet.

Det kan også gjevast permisjon for dokumenterte handlingar som tilsvarar konfirmasjonen (borgarleg konfirmasjon eller tilsvarande handlingar innan andre religionar).

f. Buoopgjer etter dødsfall: nødvendig deltaking under buoppgjer etter dødsfall.

g. Meisterskapar: deltaking i nasjonale eller internasjonale meisterskapar av ikkje idrettsleg karakter (sjakk, bridge, etc.) når søkjaren av forbundet sitt er teken ut for å representere Noreg som aktiv deltakar eller leiar, eller når han har kvalifisert seg som deltakar i noregsmeisterskap. Aktive musikkutøvarar kan få permisjon for å delta i store musikkarrangement på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

h. Deltaking av ungdomsleiarar når dei er valde av organisasjonen sin som utsendingar til konferansar og møte av vesentlig vekt, i eller på vegner av organisasjonen si lands- eller distriktsleiing. Møte og konferansar i denne samanhengen er å forstå som landsmøte, distriktskonferansar,, sentralstyremøte og liknande der vedkomande er til stades  som  ein naturleg konsekvens av stillinga i organisasjonen. Foredragsverksemd og liknande gjev ikkje rett til velferdspermisjon klasse B.

Permisjonssøknaden skal sendast av organisasjonen si  landsleiing direkte til Siviltenesta i god tid før permisjonen vert ønskt byrja.

6.3.3 Krav til dokumentasjon

Permisjon kan først innvilgast når søkjaren har skaffa nødvendig attestasjon/dokumentasjon. For eksamenspermisjonar skal mannskapet ved retur til tenesta kunne framvise dokumentasjon som er underskriven av eksamensinspektør, som stadfestar at mannskapet har vore til stades under eksamen.

6.3.4 Dekning av reiseutgifter i samband med velferdspermisjon klasse B

Mannskap som får velferdspermisjon klasse B, har ikkje krav på fri reise fram og tilbake.

Reisestønad kan likevel gjevast etter desse retningslinjene:

a. Stønad kan gjevast til mannskap som får velferdspermisjon på grunn av eige eller pårørande sitt bryllaup, ved dåp av eige barn, ved eksamensreiser, ved sjukdom i heimen der hjelp vert rekna som nødvendig og ikkje kan skaffast på annan måte, eller av andre tvingande grunnar. Ved eksamensreiser skal det søkjast om reisestønad frå vaksenopplæringa sine midlar (sjå kap. 4 bokst. B pkt. 13) før søknad eventuelt vert fremja om stønad til eksamensreiser.

b. Stønad vert berre unntaksvis gjeven til mannskap som får velferdspermisjon for ivaretaking av leveveg og deltaking ved buoppgjer. Med leveveg  meiner ein i denne samanhengen eigen gard, foreldregarden eller eiga/familiebedrift (sjå pkt. 6.3.2 bokst. b).

c. Ungdomsleiarar får ikkje reisestønad for deltaking i møte/konferansar, heller ikkje deltakarar i meisterskapar (sjå pkt. 6.3.2 bokst. g og h).

d. Stønad kan normalt ikkje gjevast når:

- Mannskapet har 1/3 løn eller meir under tenesta.

Eventuell stønad skal behovsprøvast dersom mannskapet mottar 1/3 lønnsinntekt eller meir.

e. Stønad kan gjevast når Siviltenesta finn det urimeleg at ektefelle/sambuar/registrert partnar, foreldre pga. den økonomiske situasjonen i heimen vert belasta med reiseutgiftene. Stønadsbeløpet kan variere, men skal som hovudregel ikkje overskride 50% av reiseutgiftene på billegaste måte (billegaste klasse jernbane eller båt/buss), likevel er mannskapet  sin del av reiseutgiftene avgrensa opp til kr 250,-. Det vert ikkje gjeve stønad til reiseutgifter under kr 150,-. Kostgodtgjering eller stønad til nattillegg/hotellopphald vert ikkje gjeven.

Søknad om reisestønad for velferdspermisjon klasse B skal innehalde opplysningar om:

- grunnen til permisjonen, attestert frå tenestestaden

- reiseutgifter i form av korrekt utfylt reiserekning på vanleg blankett, der Siviltenesta eller oppdragsgjevaren attesterer at beløpa er riktig utrekna og i samsvar med reglane, sjå bokst. e ovanfor.

- om mannskapet har sivil løn under tenesta (attestasjon frå arbeidsgjevaren eller frå Siviltenesta eller oppdragsgjevaren som kontrollerer forholdet).

6.4 Velferdspermisjon klasse C

Velferdspermisjon av mindre tvingande grunnar kan berre gjevast i den grad Siviltenesta finn det tenestleg forsvarleg.

Det vert ikkje gjeve reisestønad ved velferdspermisjon klasse C.

7. Idrettspermisjon

7.1 Kriterium - definisjonar

Idrettspermisjon er løyve til å opphalde seg utanfor tenestestaden i tenestetida på grunn av tillitsverv eller aktiv utøving innan idrett.

Med idrett forstår ein i denne samanhengen aktivitetar som fell innanfor ramma av Noregs Idrettsforbund eller Det frivillige skyttarvesenet si verksemd. Fråvær for mannskap som vert utteke (beordra) av Siviltenesta for deltaking i møte/stemne, reknast i denne samanhengen som teneste.

7.2 Nærmare om kriteria for tildeling av idrettspermisjon

Permisjon for deltaking i idrett kan normalt gjevast mannskap som:

a. innehar tillitsverv innan høgare sivil idrettsadministrasjon (Noregs Idrettsforbund, særforbunda, idretts- og særkretsane) eller Det frivillige skyttarvesen og skal representere ved:

- møte i dei internasjonale forbunda (kongressar, generalforsamlingar, plenumsmøte o.l.),

- Noregs Idrettsforbunds ting,

- særforbundsting (skyttarting)

- kretsting (skyttarsamlaga sine ombodsmøte)

b. er utteke som leiar eller aktiv deltakar ved:

- olympiske leikar,

- verdsmeisterskap,

- europameisterskap,

- landskamp, eventuelt større internasjonale stemne.

c. er utteke som leiar eller aktiv deltakar ved:

- noregsmeisterskap/landsskyttarstemne,

- landsdelsmeisterskap/landsdelsskyttarstemne,

- kretsmeisterskap/skyttarsamlagsmeisterskap,

- landslagssamlingar.

Når særlege grunnar taler for det, og så langt tenesta tillet det, kan det også gjevast idrettspermisjon for deltaking i andre møte eller stemne som må reknast for å vere av tyding innan den idrettsgreina det gjeld.

Aktive idrettsutøvarar og tillitsmenn i den høgare idrettsadministrasjon/skyttaradministrasjon skal likevel, i samsvar med dei respektive særforbunda sine terminlister, utarbeide ein plan over dei viktigaste konkurransane og møte dei ønskjer å delta i, og mest mogleg søkje å innpasse denne planen i sine vanlege permisjonar.

Innvilga idrettspermisjon skal ikkje gå til frådrag i framtidige langpermisjonar, men Siviltenesta kan ta omsyn til tidlegare idrettspermisjonar ved fordeling av tenesteoppdrag i høgtider og på fridagar der talet på permisjonssøknader overskrid det talet som kan innvilgast. Mannskap som er utteke til å representere Noreg i konkurransar som nemnde i bokst. b ovanfor, kan gjevast nødvendig permisjon utan verknader for framtidige permisjonar. Med nødvendig permisjon forstår ein idrettspermisjon for sjølve deltakinga i konkurransen, for reiser til og frå, og for absolutt nødvendige førebuingar som må attesterast av idrettsforbund eller særforbund. For deltaking i andre konkurransar kan det pr. år innvilgast inntil sju kvardagar idrettspermisjon.

8. Permisjon for å ivareta offentlege ombod og verv m.v.

8.1 Kriterium

Mannskapet vert gjeve permisjon i følgjande tilfelle:

- når mannskapet ved kongeleg resolusjon er overdrege eit særskilt verv som vil hindre han frå samtidig å utføre sine gjeremål som sivil vernepliktig

- når mannskapet er innkalla som part/tiltalt eller vitne i sivile saker og straffesaker

- når vedkomande er vald som utsending til nominasjonsmøte ved stortingsval.

Når mannskapet er stortingsrepresentant, vert det normalt gjeve utsetjing med førstegongstenesta for den tida han er på Stortinget. Dersom mannskapet er medlem av offentlege utval der arbeidet går ut over maksimalgrensa for permisjon, skal han normalt søkje fritak frå vervet.

Permisjon til utøving av oppdrag i medhald av lov, så som sete i fylkesting, kommunestyre, likningsnemnd eller oppnemning til domstolar, bør gjevast når det kan sameinast med opplæringa og gjennomføringa av tenesta. Normalt skal likevel mannskapet søkje om permisjon frå vervet for heile førstegongstenesta.

8.2 Vurdering

Alle permisjonar må sjåast i samanheng. Under vurderinga av den enkelte søknad om fri frå tenesta må Siviltenesta vurdere dette ut frå:

- det samla fråværet mannskapet har hatt/vil få i perioden, medrekna reisetid til og frå tenestestaden

- konsekvensar for den tenesta søkjaren skal ha

- tyding for resten av tenesta totalt.

9. Permisjon i samband med religionsutøving

9.1 Generelt

All religionsutøving er rekna som ei privat sak som skal utøvast på eiga tid. Likevel bør det gjevast permisjon for å delta i spesielle religiøse tilstellingar og til å utøve religiøs praksis og pilegrimsreise. Søknad om slike permisjonar vert behandla individuelt og skal vere attesterte frå den enkelte sitt religiøse trussamfunn. Innvilga permisjonar av dette  slaget skal som hovudregel takast av det samla talet på langpermisjonsdagar som kan gjevast, sjå pkt. 4.1. Dersom dette medfører at den enkelte vil bli hindra i å få permisjon med rimeleg mellomrom for å besøkje familien sin under tenestetida, kan Siviltenesta bestemme at inntil fire dagar av permisjonen i staden skal reknast som velferdspermisjon.

9.2 Helgedagar for etniske minoritetar

Etniske minoritetar skal, etter søknad, gjevast høve til same tal fridagar grunna religiøse helgedagar som vert gjevne til norske vernepliktige med tilhøyr til den kristne trua. Dette inneber ikkje at minoritetane generelt vert unnatekne frå det normale daglege tenestemønsteret. Søknad om slik dispensasjon vert behandla individuelt og skal vere attestert frå den enkelte sitt religiøse trussamfunn.

10. Permisjon og sjukdom

Mannskap som blir sjuke under permisjon, skal oppsøkje lege når slik finst på permisjonsstaden.

Sjukemelding frå lege gir ikkje rett til fråvær frå tenesta ut over den permisjonstida som er innvilga, om ikkje det i sjukemeldinga går fram at mannskapet er heilt arbeidsufør (ikkje i stand til å utføre tenesta). Den som har innvilga permisjonen (Siviltenesta eller oppdragsgjevaren), skal underrettast snarast råd når sjukdomen inntreffer.

Blir mannskapet sjuke under langpermisjon, vert permisjonen utsett/forlengd med det talet på dagar mannskapet har vore sjuk. Det er ein føresetnad for slik utsetjing/forlenging at oppdragsgjevaren vert underretta snarast råd når sjukdomen inntreffer, og at det vert dokumentert ved sjukemelding at mannskapet på grunn av sjukdom ikkje har kunna nytte tida til permisjon. Den delen av permisjonen som på denne måten vert utsett, skal avviklast på den tida oppdragsgjevaren finn mest tenleg, men så vidt mogleg i samsvar med mannskapet sitt ønske.

H. Sjukefråvær

Ved sjukefråvær som ikkje varer over tre kalenderdagar (inkludert laurdag og søndag)

kan oppdragsgjevar godkjenne fråværet som eigenmelding utan sjukemelding frå lege.

Ved hyppige sjukefråvær eller når Siviltenesta elles finn grunn til det, kan alle sjukefråvær krevjast dokumentert med sjukemelding.

Sjukefråvær over tre kalenderdagar skal alltid dokumenterast med sjukemelding. Det same gjeld ved sjukefråvær på frammøtedagen og for perioden fram til utplassering hos oppdragsgjevar har skjedd.

Ved sjukefråvær skal oppdragsgjevaren varslast, sjå pkt. 2.

1. Sjukefråvær i perioden frammøtedato - utplassering hos oppdragsgjevar

1.1 Sjukefråvær på frammøtedato

Sjukefråvær på frammøtedato skal alltid dokumenterast med sjukemelding frå lege (eventuelt frå andre med rett til å ferde ut sjukemelding).

Mannskapet skal straks underrette Siviltenesta om fråværet, og snarast råd sende sjukemeldinga til Siviltenesta.

Mannskapet pliktar å møte til teneste straks han er friskmeld, utan ny innkalling.

1.2 Sjukefråvær i perioden mellom frammøtedato og utplassering hos oppdragsgjevar

Sjukefråvær i denne perioden skal normalt dokumenterast med sjukemelding frå lege (eventuelt andre med same rett). Mannskapet skal straks underrette Siviltenesta om fråværet og snarast råd sende sjukemeldinga til Siviltenesta.

For mannskap som oppheld seg i siviltenesteleir, avgjer Siviltenesta i det enkelte tilfellet korleis sjukefråværet skal dokumenterast.

2. Sjukefråvær under teneste for oppdragsgjevar

2.1 Sjukefråvær som ikkje varer over tre kalenderdagar (inkludert laurdag og søndag)

Ved sjukefråvær som ikkje varer over tre kalenderdagar (inkludert laurdag og søndag), kan oppdragsgjevar godkjenne fråværet som eigenmelding utan sjukemelding frå lege. Føresetnaden for slik godkjenning er at mannskapet seinast ved det tidspunktet arbeidet skulle vore påbyrja varslar oppdragsgjevaren, som tar stilling til om fråværet skal attesterast med sjukemelding eller ikkje. Varsling har skjedd når kontakt er oppretta med representant for oppdragsgjevaren.

Ved hyppige sjukefråvær (dvs. når mannskapet i løpet av tenestetida har hatt minst fire fråvær utan å leggje fram sjukemelding), eller når Siviltenesta elles finn grunn til det, kan alle sjukefråvær krevjast dokumentert med sjukemelding.

2.2 Sjukefråvær over tre kalenderdagar (inkludert laurdag og søndag)

Sjukefråvær på over tre kalenderdagar, inkludert laurdag og søndag, skal alltid dokumenterast med sjukemelding frå lege (eventuelt andre med rett til å sjukemelde). Sjukemelding, som viser sjukeperiode og dato for friskmelding, skal straks leverast til oppdragsgjevaren, som straks sender denne til Siviltenesta.

Er sjukefråværet ikkje dokumentert ved sjukemelding, blir fråværet rekna som ulovleg.

3. Fråvær ut over 1/15 av tenesta - midlertidig sjukedimittering

Dersom sjukefråværet overstig 1/15 av tenestetida, blir mannskapet (midlertidig) sjukedimittert. Eit mannskap kan ikkje sjukedimitterast før han har hatt åtte dagars sjukefråvær.

Ved (midlertidig) sjukedimittering fell ytingane frå Siviltenesta bort. Mannskapet får i staden ytingar frå trygdekontoret, sjå kap. 4 bokst. D.

4. Sjukefråvær ut over 1/10 av tenesta - forsømd teneste

Sjukefråvær som samla overstig en tidel av tenestetida, reknast som forsømd teneste, sjå militærnektarloven §13. Som forsømd teneste reknast også den tida mannskapet er delvis sjukemeldt. Slik forsømd teneste skal opptenast med det talet på dagar som overstig ein tidel av tenestetida, sjå dette kapittel bokst. J.

5. Andre reglar

For godtgjering under sjukdom og sjukdom under permisjon, sjå kap. 4 bokst. D og kap. 3 bokst. G pkt. 10.

I. Ulovleg fråvær frå tenesta

Ulovleg fråvær frå tenesta blir, avhengig av lengda på fråværet, avgjort disiplinært, eller politimeldt. Fråvær ut over sju dagar blir som hovudregel politimeldt.

Fråværet må opptenast dag for dag. Dette inneber at dimisjonsdatoen vert  skuva ut i tid tilsvarande lengda på fråværet.

Ulovleg fråvær frå tenesta vert avgjort disiplinært (ved refs etter disiplinærreglar av 1. februar 1968, sjå kap. 10 vedlegg 5), eller politimeldt. Grovare overtredingar av militærnektarloven vert politimelde. Fråvær ut over sju dagar vil som hovudregel bli politimeldt.

Det ulovlege fråværet reknast frå det tidspunktet mannskapet ulovleg forlèt tenestestaden sin til han gjenopptek tenesta. Eventuell innvilga permisjon vert rekna som bortfallen når tenestestaden vert forlaten før permisjonen trår i kraft, sjå kap. 3 bokst. G pkt. 2.2.

Det ulovlege fråværet må opptenast dag for dag, utan omsyn til om forholdet er gjort til gjenstand for straff eller refs, sjå militærnektarloven §13. Dette inneber at den opphavlege dimisjonsdatoen vert skuva ut i tid, tilsvarande det talet på dagar som mannskapet har vore ulovleg fråverande frå tenesta.

For nærmare detaljar om føresegnene i militærnektarloven/disiplinærreglane, sjå kap. 9 bokst. A.

For økonomiske ytingar under ulovleg fråvær, sjå kap. 4 bokst. E.

J. Opptening av forsømd teneste

Mannskap som har eit sjukefråvær som overstig en tidel av tenesta, vert pålagde opptening av den forsømde tenesta med det talet på dagar som overstig ein tidel av tenesta.

Forsømming som skuldast ulovleg fråvær eller andre grunnar som kan leggjast mannskapet til last, må opptenast dag for dag.

Mannskap som ikkje utfører ei arbeidsyting som ein rimeleg kan vente, kan påleggjast ekstrateneste.

Ovannemnde reglar går fram av Justisdepartementet si forskrift av 15. august 1979 om opptening av forsømd teneste. Forskrifta er innteken i kap. 10 vedlegg 7. I dette avsnittet gjennomgår ein hovudreglane i forskrifta.

1. Sjukefråvær som overstig ein tidel av tenesta

Sjukefråvær som samla overstig ein tidel av tenestetida, vert rekna som forsømd teneste. Slik forsømd teneste skal opptenast med det talet på dagar som overstig ein tidel av tenestetida.

2. Skade eller sjukdom som følgje av tenesteulykke

Forsømming som skuldast skade eller sjukdom som følgje av tenesteulykke, eller som av departementet vert sett i klasse med dette, vert ikkje opptent. Dette gjeld utan omsyn til om mannskapet er midlertidig sjukedimittert som følgje av skaden eller sjukdomen.

3. Ulovleg fråvær og liknande

Forsømming som skuldast ulovleg fråvær eller andre grunnar som kan leggjast mannskapet til last, vert opptent dag for dag.

4. Pålegging av ekstrateneste

Mannskap som ikkje utfører ei arbeidsyting som ein rimeleg kan vente, kan påleggjast ekstrateneste med inntil ein tidel, men ikkje mir enn 60 dagar. Vert tenesta utført under tvang i særskilt leir,  kan tenestetida forlengjast med inntil ein sjettedel, men ikkje med meir enn 90 dagar.

5. Avgjerd/høve til klage

Siviltenesta avgjer om eit mannskap skal opptene den forsømde tenestetida. Avgjerda kan innan tre veker påklagast til departementet. Klagen skal sendast til Siviltenesta.

Forhold som kan medføre plikt til ekstrateneste etter pkt. 4, skal etter forskrift meldast inn til Justisdepartementet, som avgjer om ekstrateneste skal påleggjast. Denne myndigheita til å påleggje ekstrateneste har departementet delegert til Siviltenesta. Siviltenesta sitt vedtak kan innan tre veker påklagast til departementet.

6. Opptening

Opptening skal vanlegvis gå føre seg straks og i samanheng med den ordinære tenestetida.

K. Dimittering med meir

Sjå kap. 8.

 

Skip left menu navigation

Nederst i skjemaet

Håndbok for sivil verneplikt