1. Innleiing

A. Alminneleg orientering

Den sivile verneplikta har sivil karakter og står under sivil leiing. Tenestestaden er som regel ein arbeidsplass i det vanlege arbeidslivet. Trass i dette sivile preget er det likevel ei samfunnsplikt som skal utførast. Denne samfunnsplikta er nærmare regulert gjennom lovar og reglar som er behandla og vedtekne av Stortinget. Du får derfor under tjenesta ikkje status som vanleg arbeidstakar, men som ein sivil vernepliktig, som er underlagd den administrasjonen staten har skipa for å få gjennomført tenesta.

For at du skal få best mogleg utbytte av tjenesta, rår vi til at du sett deg godt inn i dei pliktene og rettane du har som sivil vernepliktig. Denne handboka gir ei brei innføring i begge delar.

For å lette lesinga av denne boka, er det i forkant av dei fleste kapitla/avsnitta innteke eit samandrag, der hovudinnhaldet er gjengjeve.

Kvar sivil vernepliktig må kjenne til pliktene sine etter denne handboka. Du kan bli halden ansvarleg, som om du kjende til reglane.

Oppstår det problem i tilknyting til tjenesta, kan du vende deg til Siviltjenesta.

Dei fleste oppdraga er av klar samfunnsnyttig karakter. Departementet håper derfor at innsatsen vil vere til nytte så vel for deg sjølv som for samfunnet.

For å få mest mogleg ut av tenestetida rår vi til at du nyttar dei vaksenopplæringstilboda som ligg føre, sjå kap. 4 bokst. B pkt. 13. Du vil på denne måten kunne få vidareutdanning som kan vere av stor tyding for vidare framtid. Vaksenopplæringskontoret ved Siviltenesta gir nærmare informasjon om vaksenopplæringstilbodet.

Dersom du ønskjer tilbakeføring til militær stilling, kan du fremje søknad om dette etter at du har gjennomført førstegongstenesta som sivil vernepliktig, sjå kap. 8 bokst. D

B. Bakgrunnen for den sivile verneplikta

I Grunnloven §109 heiter det:

”Enhver Statens Borger er i Almindelighed lige forpliktet, i en vis Tid at værne om sit Fædreland, uden Hensyn til Fødsel eller Formue. Denne Grundsætnings Anvendelse, og de Indskrænkninger den bør undergaa, bestemmes ved Lov”.

Den militære verneplikta står i ei særstilling blant dei byrdene samfunnet legg på  medlemmene sine  fordi hoi sin yttarste konsekvens inneber ei plikt til å setje livet inn, og fordi ho kan medføre plikt til å ta  livet av andre menneske. Dette siste kan for den enkelte skape ein samvitskonflikt, som samfunnet gjennom lov av 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar (militærnektarloven, sjå kap. 10 vedlegg 4) har teke omsyn til. Denne loven gir rett til å nekte militærteneste av overtydingsgrunnar.

I loven §1 er det stt følgjande vilkår for å bli friteken for militærteneste:

”Er det grunn til å gå ut fra at en vernepliktig ikke kan gjøre militærtjeneste av noen art uten å komme i konflikt med sin alvorlige overbevisning, herunder at han derved tvinges til å bryte verdier som for han er av fundamental betydning og som er knyttet til bruk av masseødeleggelsesvåpen slik de kan påregnes brukt i dagens forsvar, fritas han for slik tjeneste i samsvar med reglene i denne lov”.

Mannskap som vert fritekne for militærteneste i medhald av denne loven, må for tida avtene 12 månader sivil førstegongsteneste.

C. Litt om lovgivinga

Militærnektarloven kap. II har reglar om behandling av søknader om fritaking for militærtjeneste av overtydingsgrunnar. Fritakssøknad skal setjast fram på standard søknadsblankett (GB-0001), og skjemaet er jamvel tilgjengeleg på bokmål.

Søknaden vert i første instans behandla av Vernepliktsverket, eventuelt av Siviltenesta. Vedtak av Siviltenesta kan påklagast til Justisdepartementet.

Vernepliktige som er fritekne for militærteneste etter desse reglane pliktar å avtene sivil verneplikt. Denne tenesta skal ifølgje loven §10 vere utan tilknyting til militære innretningar eller føretak. Ifølgje loven skal utbyttet av tenesta tilfalle staten, men desse inntektene vert stilte til rådvelde for Dei sameinte nasjonanesitt internasjonale barnefond (UNICEF). For nærmare detaljar om tenesteoppdrag med meir, sjå kap. 3 bokst. E.

Militærnektarloven §11 regulerer lengda på tenestetida. Tenestetida skal vere av like lang som førstegongstenesta i Hæren, for tida 12 månader. For mannskap som vert overførte frå Heimevernet er tenestetida lik attståande ordinær heimevernsteneste. Mannskapa kan verte pålagde sivil repetisjonsteneste. For ytterlegare detaljar om lengda på tenestetida, sjå kap. 3 bokst. B.

Tenesta skal byrja utan unødig opphald og verte avtent så vidt mogleg samla, sjå militærnektarloven §12. Det kan gjevas utsetjing med og avbrot i tenesta når samfunnsinteresser eller vektige velferdsgrunnar tilseier det, sjå kap. 3 bokst. C.

Dersom den vernepliktige ikkje sjølv har vore grunn til utsetjinga eller avbrotet, fell plikta til å gjere teneste i utgangspunktet bort dersom avteninga ikkje har tatt til innan tre år etter at mannskapet ble vart friteke for militærteneste, sjå militærnakterloven § 12 andre ledd. Plikta til å avtene førstegongsteneste fell likevel ikkje bort av nokon grunn før mannskapet har nådd ein viss alder. Dette inneber at plikta til å gjere teneste tidligast fell bort når tenesta ikkje er påbryrja innen utgangen av det året mannskapet fyller 28 år. Dersom mannskapet sjølv har vore årsak til forseinkinga, t.d. ved søknader om utsetjing, fell tenesteplikta bort ved utløpet av det året mannskapet fyller 33 år. Har mannskapet påbyrja tenesta, er han tenestepliktig fram til utløpet av det året han fyller 44 år.

Dersom tenesta er utsett eller avbroten, pliktar mannskapet å utføre sivil teneste av same lengd som gjeld ved frammøtet, sjå loven §13. Teneste som mannskapet har gjennomført går til frådrag dag for dag. Ulovleg fråvær vert opptent utan unntak dag for dag.

Loven §18 omhandlar økonomiske ytingar som mannskapa får under tenesta. I kap. 4 er det ei nærmare utgreiing om dei enkelte ytingane.

Kap. IV i loven gjer greie for dei reaksjonsmidla som står til rådvelde når eit mannskap bryt reglane for tenesta. Mannskap som let vere å møte eller forlet tenestestaden sin eller ikkje følgjer pålegg som blir gjevne, eller på annan måte medvete krenkjer tenestepliktene sine, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre månader, sjå militærnektarloven §19.

Dersom den vernepliktige har oppført seg som nemnt i § 19, kan departementet etter loven § 20 bestemme at han skal setjast til avtening av tenestetida under tvang i særskilt leir eller på annan måte. Slikt vedtak kan gjerast når det er slege fast ved dom at loven sine vilkår er toppfylte. Mannskap som skal overførast  til avtening under tvang, kan verte pågripne og transporterte til tenestestaden av politiet.

Loven § 21 regulerer høvet til å refse mannskapa disiplinært. I medhald av denne føresegna er det gitt eit ige disiplinærreglement (sjå føresegn av 1. februar 1968, innteke i sin heilskap i kap. 10 vedlegg 5). Refsing er ikkje straff i høve til straffeloven og straffeprosessloven og skal ikkje verte oppskriven i bøte- eller strafferegistra. Refsing etter disiplinærreglementet har som formål å halde nødvendig disiplin og orden under tenesta. Reglementet regulerer utøvinga av denne myndigheita til refsing.

Straffeføresegnene i militærnakterloven, og disiplinærreglementet vert  nærmare gjennomgått i kap. 9 bokst. A. Reglane er i sin heilskap vedlagde denne handboka, og mannskapet bør setje seg godt inn i desse føresegnene.

Loven §24 gir reglar om tilbakeføring til militær stilling. Det kan ikkje søkjast om tilbakeføring til militær stilling før sivil førstegongsteneste er gjennomført, sjå kap. 8 bokst. D.

Sivile vernepliktige er ikkje fritekne for sivilforsvarsteneste. Etter § 23 i lov av 17. juli 1953 om Sivilforsvaret har alle kvinner og menn mellom 18 og 65 år som oppheld seg i riket, tenesteplikt i Sivilforsvaret. Det er ikkje høve til å nekte teneste i Sivilforsvaret av overtydingsgrunnar. Mannskap som har avtent sivilteneste, vert stilte til disposisjon for Sivilforsvaret, som nyttar mannskapa etter behov.

Håndbok for sivil verneplikt