Om Siviltjenesten

Alminneleg orientering
Den sivile verneplikta har sivil karakter og står under sivil leing. Tenestestaden er som regel ein arbeidsplass i det vanlege arbeidslivet. Trass i dette sivile preget er det likevel ei samfunnsplikt som skal utførast. Denne samfunnsplikta er nærmare regulert gjennom lovar og reglar som er behandla og vedtekne av Stortinget. Du får derfor under tenesta ikkje status som vanleg arbeidstakar, men som ein sivil vernepliktig, som er underlagd den administrasjonen staten har skipa for å få gjennomført tenesta. For at du skal få best mogleg utbytte av tenesta, rår vi til at du set deg godt inn i dei pliktene og rettane du har som sivil vernepliktig. Oppstår det problem i tilknyting til tenesta, kan du vende deg til Siviltenesta. Dei fleste oppdraga er av klar samfunnsnyttig karakter. Departementet håper derfor at innsatsen vil vere til nytte så vel for deg sjølv som for samfunnet. For å få mest mogleg ut av tenestetida rår vi til at du nyttar dei vaksenopplæringstilboda som ligg føre. Du vil på denne måten kunne få vidareutdanning som kan vere av stor tyding for vidare framtid. Vaksenopplæringskontoret ved Siviltenesta gir nærmare informasjon om vaksenopplæringstilbodet. Dersom du ønskjer tilbakeføring til militær stilling, kan du fremje søknad om det etter at du har gjennomført førstegongstenesta som sivil vernepliktig.

Siviltjenesten,Dillingøy 1591 Sperrebotn


Vis større kart

Vegbeskrivelse