Ulovleg tenestefråvær
Får Siviltenesta melding om at du har vore borte frå tenesta utan grunn, vil du bli beden om å avgjeve forklaring. På bakgrunn av denne forklaringa avgjer Siviltenesta om det skal gjevast refsing.
Ei refsing får desse konsekvensane:
- Ei bot på frå 400 til 2400 kroner avhengig av talet på dagar med ulovleg tenestefråvær.
- Tap av dagpengar og klesgodtgjering for dei aktuelle dagane.
- Forlengd teneste tilsvarande dei dagane du har vore borte.
- Ved ulovleg tenestefråvær ut over 7 dagar kan den vernepliktige bli politimeld.
HUGS
- Ved sjukefråvær over 3 kalenderdagar blir sjukemelding kravd.
- Dersom sjukemelding ikkje blir skaffa, vil heile fråværet verte rekna som ulovleg tenestefråvær.
Sjå handbok for sivil verneplikt, kap 3