Sjukdom og sjukemelding
Ved sjukefråvær må du melde frå til oppdragsgjevaren så tidleg som mogleg fyrste fråværsdagen
Hovudregel - sjukemelding frå lege
- Hovudregelen er at alt sjukefråvær må dokumenterast med sjukemelding frå lege frå fyrste fråværsdag. Bruk fastlegen din eller legevakta på staden.
Sjå Handbok for sivil verneplikt, kap 3.
Eigenmelding
- Oppdragsgjevaren din kan gje deg lov til å nytte eigenmelding. Bruk av eigenmeldingar er avgrensa til sjukefråvær på inntil 3 arbeidsdagar, og ved 4. fråværsdagen blir det kravd sjukemelding frå lege.
- Dersom du er sjuk på ein fredag, blir både fredagen, laurdagen og søndagen rekna med.. Fjerde fråværsdag blir i detta tilfellet måndagen, og er du framleis sjuk, må sjukemelding frå lege skaffast.
- Ved teneste i 12 månader kan du ikkje nytte meir enn 4 eigenmeldingar. Etter dette vil hovudregelen vere at alt sjukefråvær må dokumenterast med sjukemelding frå lege frå fyrste fråværsdag.
Midlertidig sjukedimittering
- Ved samanhengande sjukefråvær i meir enn 1/15 av tenestetida (24 dagar ved 12.mnd. teneste) vil du bli midlertidig sjukedimittert. Det medfører at du blir teken ut av tenesta fram til du blir 100% friskmeld att. Alle økonomiske ytingar frå Siviltenesta fell bort i denne perioden.
Stort sjukefråvær
- Ved samla sjukefråvær på over 1/10 av tenestetida vil du få restteneste tilsvarande det overskytande.
- Unnateke frå dette er sjukefråvær dersom du har blitt skadd under pålagd teneste.
Skadar i tenesta
- Blir du skadd i tenesta, må du snarast sende rapport om dette til Siviltenesta. Rapporten skal innehalde opplysningar om kor, når og korleis skaden oppstod.
- Blir du skadd under pålagd teneste, er det oppdragsgjevaren som skal skrive rapporten.
- Blir du skadd utanfor arbeidstida, må legeattest om kva som har skjedd skaffast.