Permisjonar og reisepengar

Søknad om langpermisjon skal leverast til oppdragsgjevaren. Søknad om velferdspermisjonar skal sendast til Siviltenesta.

Søknadsfristen er normalt 14 dagar før det tidspunktet det blir søkt permisjon frå. Ved upårekna hendingar og andre forhold som ikkje kan planleggjast, blir kortare frist godteken.

Sjå Handbok for sivil verneplikt, kap 3.
 
Langperrmisjon

  • Langpermisjon blir  opparbeidd med 2 kvardagar pr. kalendermånad.  Søndagar, helgedagar og høgtidsdagar blir ikkje rekna som kvardagar.

Velferdspermisjon

Ved alle slag velferdspermisjonar skal søknaden sendast til Siviltenesta for avgjerd. Søknadsfristen er normalt 14 dagar, nødvendig dokumentasjon må leggjast ved, og søknaden skal vere underskriven av oppdragsgjevaren.

  • Velferdspermisjon - kl A
    Gjeld til dømes ved plutseleg alvorleg sjukdom eller dødsfall i næraste familie og ved eige barns fødsel.
  • Velferdspermisjon - kl B
    Andre tvingande velferdsgrunnar som f eks avlegging av eksamen, arbeid i jordbruket, eige bryllaup, barnedåp m.m.
  • Velferdspermisjon - kl C
    Kan innvilgast ved mindre tvingande velferdsgrunnar i den grad administrasjonen finn det forsvarleg.
  • Idrettspermisjon
    Kan innvilgast til aktive idrettsutøvarar og funksjonærar til nasjonale og internasjonale stemne.
  • Permisjon for ivaretaking av offentlege verv m.v.
    Kan innvilgast i samband med deltaking i kommunestyre, som meddommar i retten m.v.
  • Permisjon i samband med religionsutøving
    Kan gjevast for å delta i spesielle religiøse tilstellingar. Normalt vil dette bli teke av kvoten for langpermisjon.

Frie permisjonsreiser

  • Søknad  om frie permisjonsreiser skal sendast Siviltenesta. Søknaden må vere underskriven av oppdragsgjevaren om innvilga langpermisjon.
  • Siviltenesta utbetaler billettutgifter til reise mellom heimen og tenestestaden på billegaste måte.
  • Tale på frie permisjonsreiser blir rekna ut frå lengda på tenesta og er totalt 7 ved full tenestetid på 12 månader.
  • Det blir gjeve ekstra frie permisjonsreiser for mannskap som har omsorg for barn, og for dei som får innvilga velferdspermisjon kl A (og eventuelt kl B).